Balanse i tilbod og etterspørsel etter arbeidskraft

Excelbasert panel for å hente ut data om framtidig arbeidsmarknad i Hordaland. Førebels testversjon basert på standard køyring i PANDA. Framskriving for alle økonomiske regionar i landet, basert på sysselsettingsdata frå 2008 til 2015.

Dokumentasjon kan lastast ned frå nettstadsadressen under. Excelarket kan lastast ned frå dokument under.

Ved spørsmål, ta kontakt med forfattar på tlf 413 22 734.

Olje- og gassklynga i Hordaland: Produksjon og ringverknader

I denne rapporten har Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Hordaland fylkeskommune nytta den regionaløkonomiske modellen REGNA til å berekne storleiken på olje- og gassklynga i Hordaland når vi reknar inn ringverknader av produksjonen i klynga.I 2010 kom ein fjerdedel av produksjonen av varer og tenester i fylket (104 milliardar kroner) frå olje- og gassklynga, og kvar åttande arbeidsplass (i underkant av 30 000 tilsette) var direkte knytt til olje og gass. Med ringverknader aukar desse tala til kvar tredje krone i produksjon og kvar femte tilsette i fylket (høvesvis 137 milliardar kroner og 47 000 tilsette).

Konsekvensanalyse for næringslivet i Etne ved vegomlegging

Kommunestyret i Etne har vedteke å arbeide for ei omlegging av E134 utanom Etnesjøen (Etne sentrum). Dette notatet gjennomgår berekna konsekvensar for næringslivet i Etne ved eit omsetningstap i varehandel, hotell og restaurant som følgje av omlegginga. Etne næringsutvikling har berekna at gjennomfartstrafikk utgjer ca. 25 % av omsetninga i restaurant- og varehandelen i Etnesjøen, og dei anslår at restaurant- og varehandelen i Etnesjøen utgjer omtrent 2/3 av restaurant- og varehandelen i Etne. Denne konsekvensanalysen tek utgangspunkt i at vegen vil vere lagd om frå og med 2019, og sjølv om konsekvensane for restaurant- og varehandelen kan vere store, vil konsekvensane for næringslivet og kommuneøkonomien i sin heilskap ikkje vere av dei største. Det verst tenkjelege vil vere at ein 16,7 % omsetningssvikt (25 % * 2/3) vil føre til ein tilsvarande stor reduksjon i årsverk i restaurant- og varehandelen (noko som ikkje er spesielt realistisk—men rekna inn som eit krisehøve). Sjølv i det verst tenkjelege høve, med 16,7 % reduksjon i årsverk i dei direkte råka næringane, vil produksjonen i Etne i sin heilskap berre bli sett eitt år attende som følgje av vegomlegginga.

Ringvirkningsanalyse av reiselivet i Hordaland

Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) har på oppdrag frå Næringsseksjonen i Regionalavdelinga gjennomført ein analyse av dei økonomiske verknadene av reiselivet i Hordaland. Analysen vil inngå som ein del av grunnlagsdokumentasjon for Hordaland fylkeskommune si satsing på reiseliv og oppfølging av reiselivsstrategien.Målet med analysen har vore å synleggjere kva verknader reiselivet har på produksjon, verdiskaping og sysselsetting i Hordaland, både i dei tradisjonelle reiselivsnæringane og andre næringar.