Konsekvensanalyse for næringslivet i Etne ved vegomlegging

Kommunestyret i Etne har vedteke å arbeide for ei omlegging av E134 utanom Etnesjøen (Etne sentrum). Dette notatet gjennomgår berekna konsekvensar for næringslivet i Etne ved eit omsetningstap i varehandel, hotell og restaurant som følgje av omlegginga. Etne næringsutvikling har berekna at gjennomfartstrafikk utgjer ca. 25 % av omsetninga i restaurant- og varehandelen i Etnesjøen, og dei anslår at restaurant- og varehandelen i Etnesjøen utgjer omtrent 2/3 av restaurant- og varehandelen i Etne. Denne konsekvensanalysen tek utgangspunkt i at vegen vil vere lagd om frå og med 2019, og sjølv om konsekvensane for restaurant- og varehandelen kan vere store, vil konsekvensane for næringslivet og kommuneøkonomien i sin heilskap ikkje vere av dei største. Det verst tenkjelege vil vere at ein 16,7 % omsetningssvikt (25 % * 2/3) vil føre til ein tilsvarande stor reduksjon i årsverk i restaurant- og varehandelen (noko som ikkje er spesielt realistisk—men rekna inn som eit krisehøve). Sjølv i det verst tenkjelege høve, med 16,7 % reduksjon i årsverk i dei direkte råka næringane, vil produksjonen i Etne i sin heilskap berre bli sett eitt år attende som følgje av vegomlegginga.