657 000 hordalendingar i 2030 – behov for 71 000 fleire bustader

33

657 000 hordalendingar i 2030

Behov for 71 000 fleire bustader

Hordaland passerer i løpet av våren 500 000 innbyggjarar, og i følgje nye prognosar frå Hordaland fylkeskommune er den sterke veksten venta å halde fram. I 2030 er det venta 657 000 innbyggjarar i Hordaland.

Bergen er venta å vekse til 358 000 innbyggjarar i 2030, Vest til 88 000, Sunnhordland til 77 600, Nordhordland til 44 400, Bjørnefjorden til 34 900, Hardanger til 24 700, Voss til 15 100 og Osterfjorden til 14 000.

Behov for 71 000 fleire bustader: Som følgje av folkeveksten, er det behov for 71 000 fleire bustader i Hordaland. 29 500 av desse vil vere for einslege, 21 000 for familiar med relativt lite plassbehov, og 20 500 for familiar og hushald med stort plassbehov. Det vil vere behov for 58 % av dei nye bustadene i Bergen, og 86 % i Bergensområdet.

75 000 fleire i arbeidsstyrken: Talet innbyggjarar som er i eller søkjer arbeid vil auke frå litt over 260 000 ved utgangen av 2011 til rett under 336 000 i 2030. Størst prosentvekst i arbeidsstyrken er venta å kome i Vest, med 42 %. Samstundes vil det i alle regionane vere større vekst i den delen av befolkninga som står utanfor arbeidsstyrken enn innanfor. Totalt er arbeidsstyrken venta å utgjere 51 % av folketalet i 2030, mot 53 % i dag.

Dette er nokre av opplysningane som du kan hente ut av den heilt nye statistikken og prognosane frå Fylkesprognoser.no, som blir presentert i dag.

Prognosane gir ei framskriving av tilhøve knytt til arbeidsliv, befolkning og bustadbehov i perioden fram til og med år 2030, i dei fleste fylker i landet.

Prognosane gir ei framskriving av tilhøve knytt til arbeidsliv, befolkning og bustadbehov i perioden fram til og med år 2030, i dei fleste fylker i landet

Dei som står bak www.fylkesprognoser.no er Pandagruppen, saman med SINTEF Teknologi og samfunn. Nettstaden fylkesprognoser.no er ein pilot, og rapportane vil derfor i denne omgang berre bli presentert i PDF-format.

Sjå meir på www.fylkesprognoser.no

Pandagruppen består av 16 av landets fylke samt Kommunal- og regionaldepartementet. Den einskilde fylkeskommune er sjølv ansvarleg for sine publiserte prognosar.

Kontaktpersonar i Hordaland fylkeskommune: Stian Skår Ludvigsen, tlf. 55 23 92 79; Kristin Iversen, tlf. 55 23 94 11 Regionalavdelinga: Analyse, utgreiing og dokumentasjon.

Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 Tlf: 55 23 99 40 Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
 Organisasjonsavdelinga  PB 7900  e-post: informasjon@hfk.no
 informasjonsseksjonen  5020 Bergen   www.hordaland.no