Nedlegging av Elkem Bjølvefossen, ringverknader for sysselsetting og folketal

Hausten 2006 er det venta at styret i Elkem vil vedta å legge ned verksemda ved Bjølvefossen i Ålvik. 158 tilsette vil misse arbeidet, og heile produksjonen, som i 2006 utgjorde ei omsetning på 446 mill. kr., vil falle bort.I denne situasjonen er det ønskjeleg å vite meir om kva ringverknader dette vil kunne få på annan sysselsetting i Kvam og evt. i nabokommunane, og korleis folketalsutviklinga kan bli påverka.

Berekningane viser at reduksjonane ved Bjølvefossen vil kunne føre til tap av ca 20 arbeidsplassar i andre næringar i Kvam, hovudsakeleg i private tenesteytande næringar.

Nedlegginga vil kunne føre til ein ytterlegare folketalsnedgang på ca 80 i eit 5- årsperspektiv (i tillegg til den nedgangen som kommunen sannsynlegvis elles ville ha fått).