Flyttestatistikk frå PANDA gir meir kunnskap om utflytting frå Hardanger

I «Utflyttingar frå Hardanger 1986 – 2007» ser vi på kor mange og kven som har flytta ut frå Hardanger dei siste 20 åra, og kvar dei har flytta.Kommunane i Hardanger har lenge hatt stor utflytting, noko som er hovudårsaka til nedgang i folketalet gjennom fleire tiår. Utflyttinga er framleis størst mellom unge kvinner (18-27 år), men flytteraten har ikkje auka for denne gruppa. Samstundes har menn i alle aldersgrupper, og kvinner i aldersgruppa 28-40 år, i aukande grad flytta ut av regionen. Utflyttarane reiser i stor og aukande grad til Bergen og andre storbyområde i Norge.

I 2007 hadde regionen ikkje berre større innflytting enn før, men også mindre utflytting – i alle retningar. Flyttinga internt i regionen var derimot større.

Dette er ein oppdatert versjon av analysen som først vart presentert i februar 2008.

Talgrunnlaget er henta frå PANDA.