Sogn og Fjordane Befolkning

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar har mykje å seia for folketalsutviklinga på lang sikt, men i eit 10 – 15 års perspektiv er det flyttinga som betyr mest for innbyggjartalet i ein region.

I modellen er det nytta ulike dødsratar etter alder, kjønn og region. Dette inneber at alle kommunane i ein region får dei same dødsratane. Fødselsfrekvensane for kvinner varierer med alder og kommune, og er lik gjennomsnittlege fødselsfrekvensar i perioden 2009 – 2012.

Regionen får og eit ”påfyll” av personar gjennom nettoflytting. Vi har lagt til grunn at den årlege nettoflyttinga til Sogn og Fjordane vil bli noko mindre i prognoseperioden samanlikna med åra 2009 – 2012. Modellen fordelar nettoflyttinga på alder og kjønn ved å nytta historiske flyttetal.

Samandrag

I følgje prognosen, vil det ved utgangen av 2030 vera om lag 117.000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Dette vil vera ein vekst på om lag 8000 personar sidan utgangen av 2013. Det blir fleire eldre og færre yngre. Talet på innbyggjarar over 75 år aukar med 5200, medan det blir 4250 fleire i aldersgruppa 60 – 74 år.

Ved utgangen av 2013 var om lag 57.000 av innbyggjarane i Sogn og Fjordane i arbeid, medan dei resterande 52.000 var utanfor arbeidsmarknaden (skuleelevar, studentar, uførepensjonistar, alderspensjonistar) eller arbeidslause. Nesten heile befolkningsveksten fram mot 2030 kjem blant dei ikkje-yrkesaktive og frå 2026 blir det i Sogn og Fjordane færre som arbeidar enn som ikkje arbeidar.

I 2030 vil det vera trong for om lag 50.000 bustadeiningar i Sogn og Fjordane og av dette vil om lag 36.000 vera einebustader. Viss ein skal dekka det aukande behovet, må det byggjast over 5000 nye bustader fram til 2030, her under vel 4000 nye einebustader. Større etterspurnad etter einebustader skuldast stor folketalsvekst blant personar over 60 år og at denne gruppa i stor grad bur i einebustader.

1

Figuren viser historisk folketalsutvikling i Sogn og Fjordane i perioden 2000 – 2012 og prognose for åra 2013 – 2030

I følgje prognosen, vil det ved utgangen av 2030 vera om lag 117.000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Dette vil vera ein vekst på om lag 8000 personar sidan utgangen av 2013. Den årlege folketalsveksten vil vera noko mindre enn i perioden 2009 – 2012, men vil likevel vera stor i eit historisk perspektiv.

Fylket passerte 100.000 innbyggjarar i 1960 og 20 seinare, i 1980, hadde dette auka til over 105.000. Deretter følgde ein lang stagnasjonsperiode fram til utgangen av 2008, då folketalsveksten skaut fart. Dei 5 siste åra har innbyggjartalet auka med omlag 550 personer i året, slik at fylket ved utgangen av 2013 hadde om lag 109.000 innbyggjarar.

2

Figuren viser historisk statistikk og prognose for flyttinga til og frå Sogn og Fjordane.

Vi legg til grunn at det blir ei årleg nettoflytting til fylket på mellom 200 og 300 personar fram mot 2022, og deretter ein nedgang til vel 150 i 2030. I perioden 2009 – 2012 var den årlege nettoinnflyttinga på vel 350 personar årleg, eit historisk høgt nivå, og det er grunn til å venta ein noko lågare nettoflytting til fylket i åra framover.

Utvidinga av EU, den økonomiske krisa i Europa og den store etterspurnaden etter arbeidskraft i Norge har gitt ein svært stor arbeidsinnvandring til landet og til Sogn og Fjordane dei siste åra. Etter kvart som den økonomiske situasjonen på kontinentet blir betre, vil færre søke arbeid i Norge. Dette vil truleg redusere talet på arbeidsinnvandrarar til Sogn og Fjordane.

SSB har i sine nasjonale innvandringsprognosar lagt til grunn at talet på innvandrarar til Norge vil gå ned frå om lag 40.000 pr. år i åra 2013 – 2014 til om lag 22 000 pr. år frå og med 2015 og utover. I sine regionale innvandringsprognosar ventar Byrået at talet på innvandrarar til Sogn og Fjordane vil gå ned frå om lag 8700 i perioden 2011 – 2020 til om lag 4100 i perioden 2021 – 2030.

Etter ein periode med sterk vekst i talet på arbeidsinnvandrarar er det og grunn til å venta auka utvandring, fordi nokre av dei flyttar til byane eller returnerer til heimlandet. Dette vil og redusera nettoinnvandringa, og dermed nettoflyttinga, til Sogn og Fjordane. Det har vore ein reduksjon i innvandringa og ein auke i utvandringa frå fylket i dei 3 fyrste kvartala av 2013 samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Dersom denne utviklinga held fram også i 4.kvartal, vil samla innflytting bli om lag lik samla utflytting i 2013. Dette kan vera byrjinga på ein periode med redusert nettoinnvandring.

SSB forventar høgare arbeidsløyse i Norge fram mot 2016, noko som vil redusere utflyttinga frå Sogn og Fjordane til resten av landet. Dette vil forsterke utviklinga dei siste åra, der innanlandsk utflytting frå fylket har auka mindre enn den innanlandske tilflyttinga. Vi ventar difor at det innanlandske flytteunderskotet vert noko redusert i prognoseperioden.

3

Kartet viser landet delt inn i 5 regionar. Denne inndelinga er brukt for å analysera netto flyttestraumar mellom Sogn og Fjordane fylke og dei ulike regionane i Norge.

4

Figuren viser historisk nettoflytting mellom Sogn og Fjordane fylke, utlandet og resten av Norge.

5

Figuren viser historisk innanlands nettoflytting mellom Sogn og Fjordane fylke og dei ulike regionane i Norge.

I 2012 var det 338 fleire som flytta inn til enn ut frå Sogn og Fjordane. Dette flytteoverskotet (nettoflyttinga) bestod av ei netto innvandring på 1253 personar og eit innanlands flytteunderskot på 915 personar.

Fram til 2008 var det færre som flytta inn til enn ut av Sogn og Fjordane. Frå og med 2009 har fylket hatt ein positiv, årleg nettoinnflytting på om lag 350 personar. Dette skuldast hovudsakleg auka innvandring, då nettoinnvandringa til fylket var vel tre gonger høgare i 2012 enn i 2006. Fleire arbeidsinnvandrarar frå EU-land forklarar det meste av veksten i innvandringa, men det har og vore ein moderat auke i talet på innbyggjarar med flyktningbakgrunn i Sogn og Fjordane dei siste 3 åra.

Netto innanlands flytting har endra seg lite dei siste 10 – 12 åra, men sidan 2006 har det likevel vore ein moderat nedgang. I 2012 har Sogn og Fjordane ein negativ flyttebalanse mot alle regionane, bortsett frå Nord-Norge. Størst «lekkasje» er det mot resten av Vestlandet, men det er og vesentleg fleire frå Sogn og Fjordane som flyttar til Austlandet enn det er som kjem den andre vegen.

6

Figuren viser historisk statistikk over den samla flyttinga i ulike aldersgrupper i perioden 2000-2012.

Det er eit stort flytteunderskot for personar i 20-åra. Dette heng saman med at ungdom flyttar ut for å ta vidare utdanning eller byrja i jobb. For dei andre aldersgruppene sett under eitt er tilflyttinga større enn fråflyttinga. Størst nettotilflytting er det blant personar i 30-åra med små born.

Fødde og døde

7

Figuren viser historisk statistikk og prognose for fødde, døde og fødselsoverskotet i Sogn og Fjordane.

I perioden 2006 – 2012 vart det fødd om lag 1200 born årleg i Sogn og Fjordane. Det er to faktorar som vil påverka fødselstala i prognoseperioden; talet på fødslar pr. 1000 kvinne i fødedyktig alder og talet på personar i desse aldersgruppene. Vi ventar at talet på innbyggjarar i aldersgruppa 15 – 39 år i 2030 vil bli omtrent som i dag. Når vi samstundes har lagt til grunn at fødselsfrekvensane i prognoseperioden vil vera som i åra 2009 – 2012, vil det truleg bli fødd i overkant av 1200 born i året fram mot 2030. Nokre fleire i starten av prognoseperioden og nokre færre mot slutten.

Talet på døde i prognoseperioden vil bli påverka av folkemengda i dei ulike aldersgruppene og dei tilhøyrande dødsratane. I følgje prognosane vil folketalet auka i aldersgruppene over 60 år, noko som dreg i retning av fleire døde. På den andre sida, er det i prognosane lagt til grunn ein nedgang i dødsratane i alle aldersgrupper. Dei to faktorane vil til saman føra til at det årlege talet på døde held seg uendra på om lag 1000 personar fram mot 2025. I åra etterpå vil folketalsveksten i dei eldste aldersgruppene føra til ein gradvis vekst i talet på døde.

Den naturlege folketilveksten (fødselsoverskotet) har i perioden 2006 – 2012 vore om lag 200 personar i året. Vi ventar at dette vil auke til om lag 250 i perioden 2014 – 2025 for deretter å gå ned att til om lag 200 pr. år fram mot 2030.

Folketalsutviklinga fordelt på alder

8

Figuren viser historisk statistikk og prognose over folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane fordelt på aldersgrupper.

Den forventa folketalsveksten fram mot 2030 kjem i aldersgruppene 60 år og over. Frå 2013 til 2030 ventar vi ein vekst på 4250 personar i alderen 60 – 74 år og 5.200 personar i aldersgruppa 75 år og eldre. Desse aldersgruppene høyrer til dei store fødselskulla i dei fyrste ti-åra etter 2. verdskrig. For dei andre aldersgruppene kan ein venta små endringar i folketalet.