Møre og Romsdal

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar direkte endringar i bustadbehovet. Kva type hushald ein person (gjeve alder og kjønn) i framtida ventar å finne seg i er òg relevant. Det same er forventa bustadkonsum innafor ulike typar hushald, bustader, alder og kjønn. Basert på befolkningsprognosen som er kjørt i samband med Fylkesprognoser.no får ein også berekna prognosar for bustadbehov. Hushald- og bustadfrekvensar som finns i PANDA-modellen blir kopla mot befolkningsprognosane, og gir berekning av det framtidige bustadbehovet. Det er føresett at dagens hushaldsetableringar og bustadtypepreferansar for ulike aldersgrupper ikkje vert endra i prognoseperioden.

Definisjonar

Bustad: Alle husvære med eitt rom eller meir og kjøkken. Bustadbehov: Talet bustader som blir etterspurt i ein region i ein periode. Bustadkonsum: Viser kor stor del av bustadmassen som vil bli brukt (konsumert) av innbyggjarane fordelt på alder og kjønn. Bustadtype: Bustad er her delt inn i følgjande kategoriar: Einebustad, tomannsbustad, rekkehus, bustadblokk og bufellesskap (til dømes studentbustader og institusjonar). Bustadtypepreferansar: Kva type bustad ein ville vald om ein fekk velje fritt, utan økonomiske eller materielle avgrensingar. Hushald: Eit hushald omfattar personar som har same bustad. Hushaldtype: Hushald er her delt inn i følgjande kategoriar: fleirfamiliehushald med born (under 18 år), fleirfamiliehushald utan born, einfamiliehushald med vaksne born (over 18 år), mor eller far med born, par med born, par utan born og aleinebuande.

Framtidig bustadbehov

I tillegg til dei føresetnadene som allereie er lagt til grunn for bustadbehovsframskrivingane er det nokre moment som ein kan nemne. Det er knytt lågare usikkerheit til framskrivingane av dei eldre aldersgruppene enn dei yngre. Både til- og fråflytting i dei yngre aldersgruppene kan vere knytt til ulike trendar innan utdanning, arbeidsmarknaden og andre preferansar som kan variere over tid, medan dei eldre i mindre grad flyttar vekk frå kommune eller landsdel. Dette gjer at den eldre befolkninga er meir stabil, og såleis er enklare å framskrive.

I Møre og Romsdal er folketalsutviklinga sterkt knytt til innflytting frå utlandet. Desse har ei kjønns- og alderssamansetning med overvekt av menn i arbeidsdyktig alder. Kor vidt desse vel å bli buande i Møre og Romsdal, om dei har familiar som flyttar etter, om arbeidsinnvandringa held fram også i framtida, er meir kompliserte spørsmål som representerer usikkerheit i framskrivingane. Samtidig som arbeidsinnvandraren har betre økonomi enn innvandrarane tradisjonelt har hatt, er det likevel eit moment knytt til tilgangen til bustadmarknaden, samtidig som ein må ta høgde for at dei ikkje nødvendigvis har same preferansar som befolkninga elles knytt til bustaden (personer per husstand/storleik/lokalisering).

13

Figuren over syner framtidig bustadbehov i absolutte tal etter ulike aldersgrupper. Som ein kan sjå er det særleg i dei eldre aldersgruppene at behovet i framtida vil auke. Totalt vil bustadbehovet auke frå 105000 til 129000 bustader, ei auke på 24000 eller 23 prosent.

14

Bustadbehovspyramiden for åra 2011 og 2030 synar behovet for bustader etter meir detaljerte aldersgrupper og kjønn. I 2011 er det eit høgare bustadbehov for menn enn kvinner i alle aldersgruppene opp til aldersgruppa 65-69 år. Dette er ikkje uventa, Møre og Romsdal har ei skeiv kjønnsfordeling med ein overvekt av menn. At dette snur i aldersgruppa 65-69 år er knytt til høgare dødsrater for menn og at kvinnar har høgare forventa levealder. Dette bildet blir forsterka i prognosen for 2030.

15

Den årlege veksten i bustadbehovet for aldersgruppa 60 år og eldre ligg på eit par prosent. Det er denne gruppa som har den klart høgaste årlege veksten fram mot 2030. Fram til 2017 er veksten hovudsakleg i aldersgruppa 60 -74 år, medan den frå 2017 og til 2030 i hovudsak skjer aldersgruppa 75 år og eldre.

16

Figuren viser prognose for det samla bustadbehovet etter typer hushald. Det er i dei vanlegaste hushaldningstypane at det framtidige bustadbehovet er høgast. Dette er alenebuande og par utan barn, som begge vil ha eit auka bustadbehov på om lag 30 prosent fram til 2030.

17

Einebustad er den vanlegaste bustadtypen i Noreg, med unntak av i Oslo. Sidan prognosane tek utgangspunkt i dagens bustadpreferansar vil det vere ein naturleg auke i det framtidige behovet også. Behovet for einebustader vil utgjere 60 prosent av det framtidige bustadbehovet, medan bustadblokker, rekkehus og tomannsbustader utgjer omtrent litt over 10 prosent. Lågast auke i det framtidige behovet kjem i den minste gruppa, nemleg bufellesskap. Prognosane tek ikkje opp i seg ei eventuell endring i bustadpreferansane til dei store etterkrigskulla.