Folketalsauke pressar bustadbehovet

Dato: 01.02.13

Folketalsauke pressar bustadbehovet

Møre og Romsdal fylke passerer 260.000 innbyggarar i løpet av våren 2013 – og veksten vil halde fram. – Utviklinga legg endå meir press på bustadbehovet i fylket, seier fylkesplansjef Ole Helge Haugen.

Det er framskrivingane og prognosane i fylkesstatistikken som viser denne utviklinga. I Møre og Romsdal er folketalsutviklinga sterkt knytt til arbeidsinnvandring frå utlandet, særleg frå Polen og andre austeuropeiske land samt frå Skandinavia. Overvekta av desse er menn i arbeidsdyktig alder. – Om desse blir verande i Møre og Romsdal med familiane sine, og om arbeidsinnvandringa vil halde fram, er komplisert å talfeste i framskrivingane våre, seier fylkesplansjef Haugen.

Bustadbehov

– Tala viser at vi treng nærare 25 000 ny bustader i fylket fram mot 2030, ein auke på omlag 20 prosent. I tillegg kjem behovet for å erstatte gamle bustader. Dette inneber at vi må auke utbyggingstakta i forhold til dei seinare åra, noko som betyr at kommunane i endå større grad må legge til rette for attraktive utbyggingsområde, seier fylkesplansjef Haugen. – Prognosane viser at det særleg er i aldersgruppene over 60 år at behovet for nye bustader er stort. Mange av desse har allereie bustad, og om det ikkje vert bygd nye bustader for dei, eller dei ikkje ønskjer å flytte, vil mangelen på bustader forplante seg nedover i aldersgruppene.

Vekst i arbeidsstyrken

Prognosane viser at Møre og Romsdal kan vente vekst i arbeidsstyrken fram mot 2030 på over 20 prosent og at fylket i same perioden kan vente ein vekst på over 30 prosent i aldersgruppa 60-90 år. – Veksten i arbeidsstyrken føreset i stor grad at utviklinga i næringslivet og arbeidsmarknaden elles held fram. Det igjen er avhengig av korleis dei internasjonale konjunkturane påverkar utviklinga i Møre og Romsdal, seier fylkesplansjefen.

Betre avgjerdsgrunnlag

Statistikken og prognosane blir presentert på www.fylkesprognoser.no, som 16 fylke, kommunal- og regionaldepartementet samt SINTEF har gått saman om å utvikle. Prognosane viser ei framskriving av forhold knytt til arbeidsliv, befolkning og bustadbehov i perioden fram til og med år 2030. Formålet er å gi politikarar, saksbehandlarar og planleggarar eit betre avgjerdsgrunnlag, for eksempel innan skule- og bustadutbygging.

Sjå meir på: www.fylkesprognoser.no

Informasjonsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune www.mrfylke.no – info@mrfylke.no