Hordaland: Bustadbehov 2012-2030

1

Samandrag

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin prognose for framtidig bustadbehov i Hordaland fram mot 2030, og er basert på fylkeskommunen sin prognose for framtidig folketal som er publisert i rapporten Hordaland: Befolking i Fylkesprognoser.no.

Samanlikna med 2011, vil det i 2030 vere behov for 71 000 fleire bustader i Hordaland. 29 500 av desse vil vere for einslege, 21 000 for familiar med relativt lite plassbehov (par utan born og einslege foreldre med born), og 20 500 for familiar og hushald med stort plassbehov (par med born, hushald med vaksne born og fleirfamiliehushald).

Over dei 19 åra frå 2011 til 2030 vil det da vere behov for å auke bustadmassen med 3 700 bustader per år. 2 600 av desse bør vere for einslege og små familiar. Modellane våre bereknar ikkje bustadavgang – bruksendring, riving, blir ståande tomme, etc. Byggebehovet vil derfor vere større enn 3 700 bustader per år.

Om vi skal oppretthalde den bustadstruktur vi i dag har, er det behov for 34 000 nye einebustader, 17 000 nye småhus og berre 19 000 i bustadblokker eller bufellesskap. Som tala over viser, vil dette vere for mange store og arealkrevjande bustader og for få tettbygde bustader. Det er vår påstand at det er eit behov for vesentleg fortetting om vi skal få plass til den venta folkeveksten.

Mykje av det statistisk berekna bustadbehovet for store bustader skuldast at det i dag er mange eldre som bur åleine i einebustader. Kommunane bør leggje til rette for at desse einebustadene blir tilgjengelege for større hushald. Mange einebustader blir òg gjort om til fritidsbustader – ofte utan å melde bruksendring. Kommunane kan òg her auke utnyttingsgraden av eksisterande einebustader (og tilhøyrande kommunal infrastruktur) ved å leggje til rette for at arvingar bytter inn arva einebustader med fritidsbustader som er oppført for fritidsformål. Vi har ikkje laga prognosar for fritidsbustader.

Om Fylkesprognoser.no

Fylkesprognoser.no er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunane som deltek i Pandagruppen. Denne gruppa eig Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), som teknisk vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Fylka står sjølv ansvarleg for sin eigen bruk av PANDA, og kvart fylke står sjølv ansvarleg for dei fylkesvise rapportane i Fylkesprognoser.no. SINTEF har ikkje ansvar for dei val og konklusjonar fylka gjer i sin bruk av PANDA og publikasjon av Fylkesprognoser.no. Eventuelle feil eller feilvurderingar i rapportane står fylka sjølv ansvarlege for.

Dei fleste fylkeskommunane har valt å publisere tre rapportar: ein for befolkning, ein for bustadbehov, og ein for arbeidsliv. Hordaland fylkeskommune er blant desse. Befolkningsprognosen ligg til grunn for dei to andre prognosane, og den viktigaste føresetnaden for at framtidig bustadbehov og arbeidsmarknad blir som venta, er at vi får den folkeveksten som er venta i befolkningsprognosen. Ein kan lese meir om dette i rapporten Hordaland: Befolkning. Meir spesifikke føresetnader for denne rapporten kan ein lese om på side 4.

Dei tre rapportane i Fylkesprognoser.no for Hordaland er utarbeidt av Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Rapportane presenterer i all hovudsak data og prognosar på fylkesnivå. I prognosekjøringane er det berekna tal på kommunenivå, og deler av data og prognosar på kommunenivå kan skaffast på førespurnad. Om ein har spørsmål knytt til fylkesprognoser.no eller ønskjer tilgang til data (for Hordaland) kan ein ta kontakt med Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon, Stian Skår Ludvigsen: E-post: Stian.Ludvigsen@hfk.no, tlf: 55 23 92 79 eller Kristin Iversen: E-post: Kristin.Iversen@hfk.no, tlf: 55 23 94 11.

Bergen, 10.1.2013

Definisjonar

Bustad: Alle husvære med eitt rom eller meir og kjøkken. Bustadbehov: Talet bustader som blir etterspurt i ein region i ein periode. Bustadkonsum: Viser kor stor del av bustadmassen som vil bli brukt (konsumert) av innbyggjarane fordelt på alder og kjønn. Bustadtype: Bustad er her delt inn i følgjande kategoriar: Einebustad, tomannsbustad, rekkehus, bustadblokk og bufellesskap (til dømes studentbustader og institusjonar). Bustadtypepreferansar: Kva type bustad ein ville vald om ein fekk velje fritt, utan økonomiske eller materielle avgrensingar. Hushald: Eit hushald omfattar personar som har same bustad. Hushaldtype: Hushald er her delt inn i følgjande kategoriar: fleirfamiliehushald med born (under 18 år), fleirfamiliehushald utan born, einfamiliehushald med vaksne born (over 18 år), mor eller far med born, par med born, par utan born og aleinebuande. PANDA: Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), er eigd av fylkeskommunane og vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Prognose: Framskriving bygd på ein eller fleire føresetnader.

Kort om føresetnader og metode for bustadbehovprognosane

Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar direkte endringar i bustadbehovet. Kva type hushald ein person (gjeve alder og kjønn) i framtida er venta å finne seg i er òg relevant. Det same er forventa bustadkonsum innafor ulike typar hushald, bustader, alder og kjønn. Basert på befolkningsprognosen som er kjørt i samband med Fylkesprognoser.no får ein òg berekna prognosar for bustadbehov. Hushald- og bustadfrekvensar som finns i PANDA-modellen blir kopla mot befolkningsprognosane, og gir berekning av det framtidige bustadbehovet. Det er føresett at dei hushaldetableringar og bustadtypepreferansar vi i dag finn blant ulike aldersgrupper ikkje blir endra i prognoseperioden.

Prognosar og framskriving av folketalsutvikling og bustadbehov er basert på historisk utvikling, og dette kan – og vil – avvike frå den utviklinga som faktisk vil skje. Ein må vere medviten om at prognosane ikkje er fasit på framtidig utvikling, og at dei er forbunde med feilkjelder. I langsiktig planlegging må ein derfor bruke prognosar med varsemd. Planar må vere robuste og fleksible nok til at dei kan handtere ulike framtidsscenario, både at veksten blir høgare og lågare enn prognosane tilseier. I Fylkesprognoser.no har vi lagt oss på eit framtidsscenario som føreset høg innvandring over lengre tid enn SSB legg til grunn i sine framskrivingar.

Framtidig bustadbehov etter type hushald

2

I alt er det estimert behov for 199 055 bustader i 2011. Innan 2030 er det behov for 71 000 fleire bustader. Dette er i snitt ein auke på 3 740 bustader per år, eller 1,6 % (som er 0,1 prosentpoeng over venta folkevekst).

Figur 1 viser framtidig fordeling av bustadmassen etter hushaldtypar. Den største delen både i dag og i framtida er aleinebuande (39,2 % i 2011 – aukande til 39,8 % i 2030). Den nest største gruppa i dag er par med born (22,5 % i 2011, 21,6 % i 2030), men denne vil i 2019 bli forbigått av par utan born (21,1 % i 2011, 22,2 % i 2030). Eineforsørgjarar utgjorde i 2011 5,2 % av hushalda, og denne gruppa vil i prosent bli redusert til 4,9 % i 2030.

Kommentar

Som nemnt i kapitlet om føresetnader og metode er bustadkonsumet etter alder og kjønn halde konstant: Alle endringane vil skuldast aldersendringar i befolkninga.

Dette er dei innbyrdes endringane som resultat av befolkningssamansettinga. I tal vil alle hushaldtypane auke, og mest absolutt vekst vil kome i den største gruppa. Det vil i 2030 vere behov for 29 400 fleire bustader for aleinebuande, 18 000 fleire for par utan born, 13 600 fleire for par med born, 4 800 fleire for einfamiliehushald med vaksne born (18 år og eldre), 2 900 fleire for einslege forsørgjarar, 1 500 fleire for fleirfamiliehushald utan born, og 900 fleire for fleirfamiliehushald med born. I prosent vil det vere størst behov for auke i bustader for par utan born (43 %), og minst for einslege forsørgjarar (28 %).

Framtidig bustadbehov etter bustadtype

3

Framskrivinga for bustadtype (figur 2) føreset at dagens samansetting av – og preferansar for – bustadmassen er halde konstant, sjølv om dette har vore i endring historisk, og mest sannsynleg vil endre seg i framtida. Det vil seie at halvparten av bustadene vil vere einebustader, 22 % vil vere i bustadblokker, 16 % vil vere tomannsbustader, 8 % rekkehus og 4 % bufellesskap. I så fall vil det vere behov for 34 900 fleire einebustader (1 840 per år), 16 100 fleire blokkeiningar (850 per år), 11 700 tomannsbustader (620 per år), 5 300 fleire rekkehus (280 per år), og 2 400 einingar i bufellesskap (130 per år).

Kommentar

Framskrivinga av bustadbehovet i Hordaland syner eit stort behov for einebustader, noko som ikkje er i tråd med ei målsetting om auka fortetting. På denne måten synleggjer ein konsekvensane av å oppretthalde eit utbyggingsmønster som vi har i dag. Prognoser kan dermed underbyggje behovet for trendskifter i planlegginga, og med krav til fortetting blir framskrivinga «feil» (den vil ikkje bli faktum): Ein kan ikkje vente seg at halvparten av nybygde bustader er einebustader. I staden må ein større del av denne bustadmassen bli erstatta av meir konsentrerte bustadformer, fortrinnsvis bustadblokker og rekkehus. Figur 1 viste oss at behovet er størst for bustader for einslege og par utan born. Dette utgjer 67 % av det venta behovet på 71 000 bustader, og her ligg eit sterkt fortettingspotensiale.

Sjå figur 6 for fordeling av bustadtyper etter bebuarane sin alder.

Framtidig bustadkonsum etter alder og kjønn

4

Figur 3: Prognose for det samla bustadkonsumet innanfor ulike aldersgrupper i fylket. Kjelde: eigne prognosar via PANDA.

Figur 3 viser venta bruk av bustadmasse frå 2011 til 2030 etter alder, omrekna til tal bustader (bustadkonsum).

Bustadkonsum skil seg litt frå bustadbehov ved at det blir rekna ut kor stor del av den samla bustadmassen som vil bli brukt (konsumert) av innbyggjarane fordelt på alder og kjønn. Det samla konsumet vil vere likt det samla bustadbehovet i figur 1 og 2, men inndelinga i aldersgrupper i figur 3 er basert på aldersgruppene sin del av bustadmassen, og ikkje gjensidig utelukkande kategoriar som i figur 1 og 2.

Ettersom vi blir fleire hordalendingar i alle aldersgrupper, blir det òg auka konsum av bustader for alle aldersgrupper. Prosentveksten i bustadkonsumet er venta å vere størst for dei over 75 år (+ 66 %), deretter for aldersgruppene 60-74 år (42 %), 25-39 (37 %), 0-14 (32 %), 40-59 (27 %) og 15-24 (18 %). I absolutte tal er veksten venta å vere størst for aldersgruppa 25-39 år (tilsvarande 17 000 bustader), deretter 60-74 år (15 000), 75-99 (14 000), 40-59 (14 000), 0-14 (7 000) og 15-24 (4 000).

Kommentar

Berre dei som bur aleine har behov for ein heil bustad. Dei som ikkje bur aleine har behov for sin del av bustaden. I modellkjøringa er til dømes ingen under 15 år venta å bu aleine, mens over halvparten av kvinnene over 80 år er venta å bu aleine.

Born bur som nemnt ikkje aleine. Fordi til dømes 82 % av 0-14-åringar er venta å bu blant par med born og 13 % blant mor/far med born, og dei er venta å utgjere 23 % av par-med-born-hushald og 38 % av mor/far-med-born-hushald, og dermed i snitt litt under ¼ av ein bustad, vil den reelle bustadmassen som trengs for å busette hushald med 0-14- åringar vere nærmare 30 000 bustader. Desse bustadene vil òg huse ein del 15-24-åringar, 25-39-åringar, 40-59- åringar, osv. Det auka arealet som born mellom 0 og 14 år brukar, vil derimot svare til 7 000 bustader.

5

Figur 4 viser bustadkonsum i 2011 og 2030 etter kjønn og alder.

Kommentar

I absolutte tal er det venta vekst i tal innbyggjarar for begge kjønn og alle aldrar. I relative tal (ikkje vist i figuren), vil det vere redusert bustadkonsum blant dei mellom 15 og 24, og ganske likt for alle andre aldrar opp til 69 år. For dei over 70 – og da spesielt for dei mellom 70 og 85, vil desse aldersgruppene sin del av bustadmassen auke. Endringane i fordelinga av hushaldtypar i figur 1 (spesielt auken i delen aleinebuande), er resultat av denne aldersforskyvinga.

6

Figur 5 viser årleg utvikling i bustadkonsumet frå 2011 til 2030 etter alder. Her er det viktig å merke seg at dei relative endringane er lagt oppå kvarandre for å gjere utviklingstrekka samanliknbare. Prosentane kan ikkje summerast: veksten er ikkje kumulativ, og må ikkje lesast som 8-10 % årleg vekst i bustadkonsumet. Den samla endringa er vist med den raude linja, og er den same som den samla endringa i bustadmasse. Denne veksten ligg på rundt 1,6 % per år.

Kommentar

Forskyvningane i konsumet (som kommentert under figur 4) er vist i figur 5. Auken i bustadkonsum frå år til år vil vere nokså konstant for aldersgruppa 40-59 år, og temmeleg konstant for aldersgruppa 0-14 år. Auken i konsum vil over tid gå ned blant 25-39-åringar, og først gå ned så auke att for 15-24-åringar og 60-74-åringar.

7

Framskrivinga for konsum etter bustadtype føreset det same som for figur 2: at samansettinga av bustadmassen er halde konstant.

Kommentar

Framskrivinga er nyttig for å vise kven som er venta å bu i dei ulike bustadtypane om vi stoppar utviklinga i korleis bustadtypane er fordelt og kven som bur i dei. Vi ser at vaksne med utflytta born (aldersgruppa 60-74) og seniorar (75-99 år) er venta å sitte på ein vesentleg del av einebustadmassen om bustadtypepreferansane kan bli halde som i dag. Det kan vere mykje areal å spare på å flytte desse over i mindre bustader og a) frigjere einebustadene for større familiar som på sin side kan frigjere leilegheiter, samt b) redusere behovet for å byggje nye einebustader for yngre familiar.

Utvalde data på kommunenivå

Tabell 1 viser venta fordeling av bustader etter hushaldtypar og bustadtyper i kommunane og regionane i Hordaland i 2011 og 2030.

Dei to første kolonnane (under «Tal hushald») viser at det i 2030 er behov for 71 000 fleire bustader i Hordaland enn i 2011. 58 % av desse vil det vere behov for i Bergen. Om vi reknar den «sentrale» Bergensregionen som Bergen, Os, Osterøy, Meland, Lindås, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, vil det vere behov for at 86 % av dei nye bustadene i Hordaland (60 800) kjem i Bergen og dei bynære kommunane. Dette svarer til 3 200 bustader per år.

Dei neste fire sett med kolonnar viser fordeling og venta fordeling etter hushaldtypar. Det er størst behov for bustader for einslege (29 000 fleire innan 2030). Dei siste fire sett med kolonnar viser korleis butadmengda vil vere fordelt om vi opprettheld den bustadsamansettinga vi har i dag. Dette er ingen realistisk prognose, men viser kva som kan skje om hordalendingane i framtida får busette seg som i dag. I så fall vil det vere behov for 34 500 fleire einebustader enn i dag (+ 35 %). Det svarer til 1 800 nye einebustader kvart år framover.

Vi går ikkje i detaljar på kommunenivå om denne tabellen, men vi vonar at kommunane kan gjere seg nytte av talmaterialet.

Kommentar

1 800 nye einebustader kvart år framover går ikkje. Hordalendingane må venne seg til å bu tettare i framtida om vi får ein så høg folkevekst som våre prognosar seier. Det skal òg godt gjerast om vi får så høg bustadbygging som prognosane for folketalet krev. For Hordaland må vi tilbake til 2007 for å finne byggetal som var på høgde med det nivået vi treng i framtida, og for Bergensregionen må vi tilbake til 2005: I 2005 vart det sett i gang bygging av 3 166 bustader i den sentrale Bergensregionen, og i 2007 vart det sett i gang 4 159 bustader i heile Hordaland. I snitt vart det for dei fem siste åra vi har data for sett i gang 2 200 bustader i Bergensregionen og 3 080 bustader i Hordaland totalt per år frå 2007 til 2011 (kjelde: SSB via statistikk.ivest.no).

Sjølv om det er få år der Bergensregionen (og dermed Hordaland) har vore nær nivået vi treng i framtidig utbygging, har fleire regionar hatt lange periodar med utbygging på eller over snittet som trengs i framtida: Sunnhordland, Hardanger, Voss og Osterfjorden har alle vore godt over i gjennomsnitt av alle år vi har data for (2000 til 2011). Nordhordland har i snitt hatt ei utbygging lik framtidig behov frå 2002 til 2011, Vest har hatt det for perioden 2004 til 2010, og Bjørnefjorden frå 2008 til 2011. Det er berre Bergen som har dårleg statistikk her, der kommunen berre kom tett på i eitt år (2010).

Historisk har det største hinderet for at vi skal få den utbygginga vi treng altså vore Bergen. Resten av fylket har vist seg i stand til å levere den bustadmengde som trengs i framtida.

8