DU ER HER: Forside > Rapporter > AUD-rapport nr 4-2014 – Fylkesprognosar Hordaland: Flytte- og befolkningsprognosar for kommunane og regionane

Samandrag

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin flytteprognose og tilhøyrande prognosar for befolkningsutviklinga fram mot 2030 for kommunane og regionane i Hordaland. Befolkningsprognosa- ne er basert på fødselsoverskot (berekna etter siste fødsels- og dødsratar) og eigne prognosar for nettoflytting til kvar kommune.

Vi har produsert fire ulike prognosar for nettoflyttinga, og desse styrer våre alternative framskrivingar for folketalet i Hordaland. Denne rapporten er laga for å gi detaljar om føresetnadene som ligg bak alternativa, og for å vise konsekvensane av dei ulike alternativa.

Denne rapporten er eit tillegg til AUD-rapport nr 1, 2 og 3-2014, som er basert på Hordaland fylkes- kommune sitt hovudalternativ for befolkningsframskrivinga for 2014-2030. Alternativa som er produsert i tillegg til hovudalternativet er eit alternativ med ekstra høg nettotilflytting, eit med redusert nettotilflyt- ting, og eit teoretisk scenario der nettoinnvandringa er sett til null. Alternativet med null nettoinnvand- ring gir oss moglegheit til å rekne ut «innvandringsbidraget» til folkeveksten. I 2030 vil dette ha akku- mulert seg opp til 110 000 innbyggjarar. Forskjellen mellom høg- og lågalternativet vil i 2030 vere på 68 000 innbyggjarar (21 300 mellom høg- og hovudalternativet, og 46 400 mellom låg- og hovudalter- nativet).

Det er produsert einskilde prognosar for kvar kommune, og tala for fylket og regionane er sum av kommuneprognosane. Denne rapporten viser detaljar for kvar kommune og region.

Om fylkesprognoser.no

Fylkesprognoser.no er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunane som deltek i Pandagruppen. Denne gruppa eig Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), som teknisk vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Fylka står sjølv ansvarleg for sin eigen bruk av PANDA og utarbeiding av dei fylkesvise rapportane i fylkesprognoser.no. SINTEF har ikkje ansvar for dei val og konklusjonar fylka gjer i sin bruk av PANDA og publikasjon av fylkesprognoser.no. Eventuel- le feil eller feilvurderingar i rapportane er fylka sine.

Dei fleste fylkeskommunane har valt å publisere tre rapportar: ein for befolkning, ein for bustadbehov, og ein for arbeidsliv. Hordaland fylkeskommune er blant desse, men har i tillegg ein flytteprognose som ligg til grunn for befolkningsprognosen. Befolkningsprognosen ligg så til grunn for dei bustad- og arbeidslivsprognosane, og den viktigaste føresetnaden for at framtidig bustadbehov og arbeidsmark- nad blir som venta, er at vi får den folkeveksten som er venta i befolkningsprognosen. Meir spesifikke føresetnader for denne rapporten kan ein lese om på side 5.

Dei fire rapportane i Fylkesprognoser.no for Hordaland er utarbeidt av Analyse, utgreiing og dokumen- tasjon i Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Dei tre første rapportane (AUD-rapport nr 1, 2 og 3 – 2014) presenterer i all hovudsak data og prognosar på fylkesnivå. AUD-rapport nr 4 – 2014 inneheld flytteprognosane for kvar kommune og presentasjon av hovudresultata (befolkningstotalen) frå alle alternative prognosekjøringar for alle kommunane og regionane i fylket. I prognosekjøringane er det berekna fleire tal på kommunenivå enn det som er publisert i desse rapportane, og meir detal- jerte data og prognosar på kommunenivå kan lastast ned frå statistikk.ivest.no. Om ein har spørsmål knytt til fylkesprognoser.no eller ønskjer tilgang til andre data (for Hordaland) kan ein ta kontakt med Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon. Kontaktinfo på side 2.
Bergen, 30.1.2014

Definisjonar

Fødselsfrekvens: Gjennomsnittleg tal levandefødde barn pr. kvinne etter alder i ein utvald region. Fødselsoverskot: Talet fødde minus talet døde i same periode utgjer fødselsoverskotet Dødssannsyn: Sannsyn for dødsfall for det einskilde kjønn i den einskilde aldersklassa. Dødssann- syn vert berekna på kvart alderstrinn for menn og kvinner kvar for seg, og nyttast mellom anna til å berekne forventa levealder.
Nettoflytting: Blir definert som innflytting til en region (samling av fylker, kommunar osb.) minus utflyt- tinga i same periode. Til samanlikning vert bruttoflytting definert som summen av innflytting og utflyt- ting.
PANDA: Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), er eigd av fyl- keskommunane og vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn.

Prognosar og framskriving av folketalsutvikling er basert på historisk utvikling, og dette kan – og vil – avvike frå den utviklinga som faktisk vil skje. Ein må vere medviten om at prognosane ikkje er fasit på framtidig utvikling, og at dei er forbunde med feilkjelder. I langsiktig planlegging må ein derfor bruke prognosar med varsemd. Planar må vere robuste og fleksible nok til at dei kan handtere ulike fram- tidsscenario, både at veksten blir høgare og lågare enn prognosane tilseier. I fylkesprognoser.no har vi lagt oss på eit framtidsscenario som føreset høg innvandring over lengre tid enn SSB legg til grunn i sine framskrivingar.

For dei spesielt interesserte:
Folketalsutviklinga i Fylkesprognoser.no blir bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + netto- flytting (innflytting minus utflytting). Over lengre tidshorisontar spelar fødselsfrekvensar og dødssann- syn ei stor rolle ved berekning av befolkningsprognosar. Ved korte tidshorisontar er det derimot flyt- tinga som er det viktige for å bestemme befolkningsutviklinga i ein region, men flyttinga legg òg mykje av grunnlaget for framtidig fødselsoverskot. Ved berekning av befolkningsprognosen til fylkesprogno- ser.no blir det nytta ein modellvariant kor ein tek omsyn til flytting.

Ved etablering av modellparameter og datagrunnlag til bruk i modellkjøringane blir det nytta data for siste statistikkår frå SSB. Estimeringsperiode for nivåfaktorar for fødde, døde og tilpassing til arbeids- marknaden blir basert på eit gjennomsnitt av dei fire siste år.

I modellen blir det nytta dødssannsyn som er forskjellige mellom kjønna og varierer med alderen. Vi får i tillegg eit ”påfyll” av nye born. Dette skjer ved at kvinner i ulike aldrar får born med ein viss fre- kvens. Fødselsfrekvensane gjeld berre for kvinner og varierer med alderen. Ved kjøring av befolk- ningsmodellen blir det nytta faste regionfrekvensar frå SSB til justering av fødselsfrekvensar og døds- sanssyn. Dødssanssyna blir derimot «glatta» med ei regionavstemming slik at ein får eit sett med dødssannsyn som er lik for alle kommunane innanfor ein region.

Regionen får vidare eit ”påfyll” av personar gjennom nettoflytting. I fylkesprognoser.no for Hordaland blir nettoflyttinga gjennom prognoseperioden berekna ut frå framskriving av den historisk loglineære utviklinga i nettoflytting frå 2000 til 2013 (med unntak for nokre kommunar), samt—for kommunar der dette har hatt signifikant effekt på historisk flyttinga—framtidig arbeidsløyse og/eller bustadbygging som er lik gjennomsnittet av dei siste sju åra. Flyttedata for 2013 er estimert basert på observerte data for tredje kvartal 2013 og gjennomsnittleg differanse mellom tredje og fjerde kvartal siste fem år. Nettoflytting i åra 2014 til 2030 følgjer dermed ei framskrive regresjonslinje som funksjon av tid (målt loglineært) på nettoflytting i perioden 2000 til 2013. Modellen fordeler nettoflytting automatisk på alder og kjønn ved hjelp av ein glattefunksjon (Rogers-Castro).

I tillegg til nettoflyttinga i dette hovudalternativet har Hordaland fylkeskommune produsert tre andre flyttealternativ: Høgalternativet er basert på eit scenario der det for kvar kommune enten ligg ein bratt flyttetrend til grunn, eller—der dette har hatt signifikant effekt på flyttinga tidlegare—får vedvarande låg arbeidsløyse og/eller stor bustadbygging. Unntak frå dette er skildra i AUD-rapport nr 4-14. Lågalter- nativet er basert på eit motsett scenario av høgalternativet. Det siste alternativet er eit reint teoretisk scenario, der nettoinnvandringa stoppar heilt opp og det berre er flyttetilvekst frå innanlandsk flytting. Dei andre føresetnadene i dette nullinnvandringsalternativet er likt med hovudalternativet.

Framskrivingsalternativ

Befolkningsprognosar består av to hovudelement: fødselsoverskot og nettoflytting. Fødsels- overskotet blir berekna med bakgrunn i talet kvinner per år per alderstrinn, fødselsfrekvensar per kvin- ne per år, og dødssannsyn per innbyggjar per alderstrinn per år. Vi let PANDA estimere alt dette ba- sert på gjennomsnitt av siste fire år. Dette ligg altså fast i alle alternativ.

I staden lagar vi alternative framskrivingar basert på nettoflyttinga. Med unntak av Austevoll og Øygarden har vi køyrt regresjonsanalysar på kvar kommune, og med unntak av Eidfjord og Osterøy har vi lagt perioden 2000 til 2013 til grunn i regresjonsanalysane.

Vi har da køyrt regresjonsanalysane for å finne kva funksjon logaritmen av tid, prosent arbeids- løyse og tal fullførte bustader året før har på nettoflyttinga frå 2000 til 2013. Finn vi at arbeidsløy- se og/eller bustadbygging har ein signifikant innverknad på nettoflyttinga, så legg vi inn som vårt ho- vudalternativ at arbeidsløysa og/eller bustadbygginga i framtida vil vere lik gjennomsnittet av dei siste sju åra. Vidare legg vi inn som høgalternativ at arbeidsløysa vil vere like låg som det lågaste nivået siste 14 åra og at bustadbygginga vil vere like høg som det høgaste nivået siste 14 åra, og som låg- alternativ at arbeidsløysa vil vere like høg som det høgaste nivået siste 14 åra, og at bustadbygginga vil vere like låg som det lågaste nivået siste 14 åra.

For dei kommunane der korkje bustadbygging eller arbeidsløyse har hatt signifikant effekt på nettoflyt- tinga, nyttar vi berre regresjonsanalysar av logaritmen av tid. Til hovudalternativet har vi da søkt å finne ein historisk periode som gir middels vekst, til høgalternativet har vi søkt etter brattare historisk vekst, og til lågalternativet søkt etter slakkare historisk vekst.

Regresjon av logaritmen av tid gjer at vi får ei endring i nettoflyttinga som blir svakare med åra. Dette i motsetnad til ein regresjon av tid målt lineært, der vi får den same endringa i nettoflytting år for år.

Den historiske utviklinga i nettoflyttinga til Austevoll og Øygarden er det ingen identifiserbar retning på. Når vi ikkje kunne finne ei representativ historisk periode for framtidig trend, har vi i staden valt å bruke gjennomsnitt av historia i prognosane. Vi har da forsøkt å identifisere eit gjennomsnitt som vi meiner kan vere representativt for hovudalternativet, og deretter funne andre historiske periodar som kan representere høg- og lågalternativa.

For Eidfjord har vi brukt 2003 som startår, og for Osterøy har vi brukt 2006 som startår. For Eidfjord sin del er dataa frå 2000, 2001 og 2002 på eit mykje lågare nivå enn seinare år, og ville trekt framskri- vinga ned om vi inkluderte desse åra. Nettoflyttinga til Osterøy gjekk ned frå 2000 til 2006, og hadde eit lågpunkt i 2006. For å berekne moglege effektar av bompengefri bru har vi derfor valt å starte på botnåret 2006.

I tillegg til desse unntaka, har vi gjort fire datajusteringar: For Fusa har vi sett ei nettoflytting på – 50 i 2011 til null. Dette året ser vi som eit unntak – ein uteliggjar – i flyttehistorikken til Fusa; For Fjell har vi interpolert 2008 til og med 2010, slik at historia følgjer ei rettlinja utvikling frå 2007 til 2011. Dette fordi desse åra bryt eit elles aukande mønster for kommunen; For Radøy har vi interpolert 2007, da kommunen dette året hadde ekstremt høg nettotilflytting; For Austrheim har vi interpolert 2009, da Austrheim dette året hadde ekstremt høg nettotilflytting. Datajusteringane er gjort for å unngå ekstre- me avvik i historia som blir lagt til grunn.

I alle alternativ har vi 2013 som sluttår.

Det finns ikkje statistikk på nettoflyttinga i heile 2013. Vi har derfor måtte estimere nettoflyttinga for kvar kommune basert på nettoflytting per tredje kvartal 2013 og gjennomsnittleg nettoflytting i fjer- de kvartal siste fem år. Dette er lagt inn i hovudalternativet.

Vi har eigne høg- og lågalternativ for 2013: lågalternativet er estimert ved å ta differansen mellom tredje kvartal 2013 og det svakaste fjerde kvartal siste fem år, mens høgalternativet er estimert ved å ta differansen mellom tredje kvartal 2013 og det svakaste fjerde kvartal siste fem år.

I tillegg til hovud-, høg- og lågalternativ, har vi produsert eit nullinnvandringsalternativ, som er nettoflyt- ting utan nettoinnvandring. For alle kommunane er dette nullinnvandringsalternativet estimert som hovudalternativet, men utan nettoinnvandring.

Justerte høg- og lågalternativ: I nokre tilfelle får vi lågalternativ som ligg under nullinn- vandringsalternativet, og høgalternativ som ligg lengre frå hovudalternativet enn differansen mellom hovudalternativet og nullinnvandringsalternativet. Dette gir ulogisk høge og låge verdiar, og vi har brukt differansen mellom hovudalternativet og nullinnvandringsalternativet som justeringsfaktor. Det vil seie at vi justerer høg- og lågalternativa slik at lågalternativet ikkje er lågare enn nullinnvandringsalter- nativet (elller hovudalternativet i dei få tilfella der kommunane får høgare nettoflytting ved null netto- innvandring enn i hovudalternativet), og slik at høgalternativet ikkje er høgare enn at differansen mel- lom høg- og hovudalternativet er likt med differansen mellom hovudalternativet og nullinn- vandringsalternativet.

Datagrunnlaget for alternativa er vist i tabell 1.

Tabellen er delt i seks felt i tillegg til kommuneidentifikasjon: Startår grunnlag viser kva historisk perio- de som ligg til grunn for dei ulike alternativa. I blanke felt er det 2000 som er startåret. I alle høve er 2013 sluttåret; Arbeidsløyse viser kva arbeidsløyse som er lagt til grunn i framskrivingsalternativa, dersom dette har hatt signifikant effekt på historisk nettoflytting; Bustadbygging viser talet bustader som er lagt til grunn i framskrivingsalternativa, dersom dette har hatt signifikant effekt på historisk net- toflytting; Nettoflytting 2013 viser kva flyttetal vi legg til grunn for 2013 i dei ulike alternativa; Snitt net- toflytting 2014-2030 viser resultatet av framskrivingane; og Datajusteringar viser dei nemnte juste- ringane av historisk nettoflytting. Austevoll og Øygarden er markert med (gj.snitt) bak kommunenam- net og grå felt på arbeidsløyse og bustadbygging. Det betyr at det ikkje er køyrt regresjonsanalysar på historisk nettoflytting, men at framskrive nettoflytting svarer til historiske gjennomsnitt. For Austevoll er da lågalternativet gjennomsnittet av nettoflytting frå 2000 til 2013, hovudalternativet frå 2008 til 2013, og høgalternativet frå 2009 til 2013.

Kvar region/kommune har to figurar: først ein som viser dei ulike flytteprognosane, deretter ein som viser resultatet (befolkningsprognosane) og kva konsekvensar dei ulike alternativa får for dette.

Som forklart over, er høg- og lågalternativa i ein del tilfelle justert for å unngå ekstremverdiar. I flytte- prognosefigurane er dei justerte alternativa vist ved stipla linjer. I befolkningsprognosefigurane er det dei justerte alternativa som ligg til grunn.

Prognosane er berre køyrt for kommunane. Figurane og tala på region- og fylkesnivå er summen av kommunane som inngår i regionen/fylket.

Til sist i rapporten er det ein tabell som viser totalen for kommunane, regionane og fylket etter dei fire alternativa for 2020 og 2030, samt gjennomsnittleg årleg prosentvekst (Δ / år) fram til og med 2030.

Føresetnader og metode for befolkningsprognosen

14

15

16

171819

20

22

23

24

25

26

27

28

29

30

31

32

33

34

36

37

38

39

40

41

42

43

44

45

46

47

48

49

50

51

52

53

54

55

56

57

58

59

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande

opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur.

Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida
i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

60