Sogn og Fjordane Arbeidsliv

Arbeidsstyrken er her definert som summen av alle arbeidstakarar (lønstakarar og sjølvstendige) og arbeidslause. Yrkesaktive er definert som summen av lønstakarar og sjølvstendige. PANDA bereknar yrkesfrekvensar som prosentdelen av høvesvis kvinner og menn innafor kvar aldersgruppe som er i arbeid. Yrkesfrekvensane vert kopla mot befolkningsprognosen, og dette gjev oss framtidig arbeidsstyrke og talet på yrkesaktive. Det vert lagt til grunn at dagens yrkesfrekvensar for kvart kjønn og kvar aldersgruppe ikkje endrar seg i prognoseperioden.

Næringsstruktur – historisk statistikk

1

Figuren viser historisk statistikk over næringsstrukturen i Sogn og Fjordane målt i talet på sysselsette med Sogn og Fjordane som arbeidsstad.

Frå 2003 til 2012 har talet på sysselsette med Sogn og Fjordane som arbeidsstad auka med 2196 personar. Størst vekst har det vore innafor offentleg forvaltning og annan tenesteyting med 2750 fleire sysselsette og innan transport og kommunikasjon som har auka talet på sysselsette med 518 personar. Innafor industri og bergverksdrift har det vorte 1225 færre sysselsette, medan 1380 færre arbeidar i jordbruk, skogbruk og fiske i 2012 samanlikna med i 2003.

Yrkesaktiv befolkning

2

Figuren viser historisk statistikk og prognose over fordelinga mellom dei yrkesaktive og dei ikkje-yrkesaktive i Sogn og Fjordane

Prognosen vår bereknar at det vil vera om lag 117.000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane ved utgangen av 2030. Dette er ein auke på om lag 8000 personar frå utgangen av 2013. Nesten heile denne veksten kjem blant dei ikkje-yrkesaktive, slik at talet på sysselsette i Sogn og Fjordane dermed vil vera omtrent det same i 2030 som det var i 2012. Dette skuldast at folketalsveksten er konsentrert i aldersgruppene 60 år og over, der mange ikkje er yrkesaktive. I 2012 var det 5080 fleire yrkesaktive enn ikkje-yrkesaktive. I følgje prognosen vil 2026 vera fyrste året då det er færre som jobbar enn som ikkje jobbar blant innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Pendling – historisk statistikk

3

Figuren viser historisk nettopendling mellom Hordaland og øvrige regioner i Norge.

Sogn og Fjordane har størst nettoutpendling til resten av Vestlandet og til sokkelen (oljeinstallasjonar i Nordsjøen) og til Svalbard. Fylket har og nettoutpendling til Oslo/Akershus.