Møre og Romsdal

Kort om forutsetningane

Yrkesfrekvensane vert kopla mot befolkningsprognosen, og gir berekning av framtidig arbeidsstyrke og tal yrkesaktive. Det er ein føresetnad at dagens yrkesfrekvensar for ulik alder og kjønn ikkje vert endra i prognoseperioden. Prognosar og framskriving av folketalsutvikling og sysselsetting er basert på historisk utvikling, og dette kan – og vil – avvike frå den utviklinga som faktisk vil skje.

Arbeidsstyrken: Summen av alle arbeidstakarar (lønnstakarar og sjølvstendige) og arbeidsledige. Yrkesaktive: Summen av lønnstakarar og sjølvstendige etter bustad. Yrkesfrekvensar: Eit uttrykk for kor sannsynleg det er at ein person er i arbeid innanfor ei gitt aldersgruppe og kjønn. Ikkje-yrkesaktive: Delen av befolkninga (alle aldersgrupper) som ikkje er yrkesaktive Sysselsette: Summen av lønnstakarar og sjølvstendig næringsdrivande etter arbeidsstad Pendling: Pendlarar er her definert som personar som har arbeidsstad i eit anna fylke enn der dei bur

1

Talet på sysselsette i Møre og Romsdal har auka med 11 prosent frå 2002, det vil seie at det er om lag 13 000 fleire sysselsette ved utgangen av 2011 enn i 2002. Klart flest arbeidde innan offentleg forvalting og anna tenesteyting, og det er også her at veksten har vore størst. Det har i perioden vore ein vekst i alle næringar i fylket, med unntak av primær og sekundærnæringane.

2

Prognosa viser at arbeidsstyrken vil auke i frå 2011 til 2030, i alle aldersgrupper og for begge kjønn. Veksten i arbeidsstyrken er venta å vere større for menn enn kvinner.

3

Befolkninga kan delast inn i dei som er yrkesaktive (lønnstakarar og sjølvstend næringsdrivande) og dei som ikkje er yrkesaktive. Av dei om lag 250 000 innbyggarane i fylket er det om lag 130 000 yrkesaktive. Dette vil i følgje prognosen auke til 150 000 yrkesaktive innan år 2030. 4

Talet på yrkesaktive i fylket har stort sett auka kvart år sidan 2003, med ein sterk vekst i åra 2005 til 2007. Noko som naturleg gav ein sterk nedgang også i talet på ikkje-yrkesaktive. Framover er det venta at veksten i ikkje-yrkesaktive årleg blir på om lag 1,1 prosent, og som dermed blir sterkare enn veksten i yrkesaktive om lag 0,6 prosent.

5

Førre året var det meir enn dobbelt så mange som pendla ut av fylket som inn, nærare 10 000 personar pendla ut og om lag 4 500 personar pendla inn. Utviklinga frå 2002 visar at spesielt innpendlinga til fylket har auka, men det har også blitt fleire som pendlar ut.

6

Møre og Romsdal har ei negativ nettopendling til alle regionane i Norge, med unntak av Nord-Norge og Sør-Østlandet. Her er nettopendlinga svakt positiv, det vil seie at det er fleire som pendlar inn til Møre og Romsdal frå desse regionane, enn ut. Størst negativ utpendling frå fylket er det til Oslo og Akershus, men her er nettopendlinga redusert frå -3000 til -2000 sidan 2002.