Hordaland: Befolkning 2012-2030

1

Samandrag

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin prognose for befolkningsutviklinga fram mot 2030. Prognosen er basert på fødselsoverskot og nettoflytting.

I 2011 vart det fødd 6 278 personar i Hordaland, mens 3 875 døde. Dette gjev eit fødselsoverskot på 2 403. I følgje prognosen, vil fødselsoverskotet stige til 4 172 i 2030. Talet fødde er venta å auke kvart år framover, mens talet døde er venta å halde seg nokså stabilt fram til 2020.

Historiske flyttetal viser at nettoflyttinga til Hordaland auka frå 2004 til 2011. Innvandring utgjer dei siste åra den største delen av nettoflyttinga til fylket, og det er personar i alderen 20 til 35 som flyttar mest. Prognosen viser at vi kan vente ei stadig aukande innflytting til Hordaland, men det er forventa litt lågare nettoflytting i 2013 enn i 2012 og vi venter vidare at endringane frå år til år vil bli gradvis mindre. I 2011 var nettoflyttinga 3 933 personar, i 2012 er den estimert til 5 008 personar, i 2013 er nettoflyttinga framskrive til 4 372 personar, og i 2030 er den framskrive til 5 742 personar.

Totalt er folketalet i Hordaland venta å vekse med 166 000 innbyggjarar (34 %) frå 31.12.2011 til 31.12.2030. Hordaland er venta å passere 500 000 innbyggjarar tidleg i 2013, og 600 000 innbyggjarar tidleg i 2025. I 2020 er Hordaland venta å ha 562 000 innbyggjarar, og i 2030 er vi venta å ha 657 000 innbyggjarar. Den samla folkeveksten vil i følgje prognosen gradvis auke til 1,59 % i 2021-2025, for deretter å bli litt redusert. I absolutte tal ventar vi ein stadig aukande folkevekst frå år til år, men differansen frå eit år til det neste vil gradvis bli litt mindre, og målt i prosent av folketalet, vil veksten gå litt ned etter eit toppunkt i 2023. Om vi ser på aldersfordelinga i befolkninga vil dei eldste gruppene vekse meir enn dei yngste, og dei over 70 vil bli relativt sett fleire enn i dag, mens dei mellom 10 og 24 vil bli relativt sett færre.

Om Fylkesprognoser.no

Fylkesprognoser.no er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunane som deltek i Pandagruppen. Denne gruppa eig Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), som teknisk vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Fylka står sjølv ansvarleg for sin eigen bruk av PANDA, og kvart fylke står sjølv ansvarleg for dei fylkesvise rapportane i Fylkesprognoser.no. SINTEF har ikkje ansvar for dei val og konklusjonar fylka gjer i sin bruk av PANDA og publikasjon av Fylkesprognoser.no. Eventuelle feil eller feilvurderingar i rapportane står fylka sjølv ansvarlege for.

Dei fleste fylkeskommunane har valt å publisere tre rapportar: ein for befolkning, ein for bustadbehov, og ein for arbeidsliv. Hordaland fylkeskommune er blant desse. Befolkningsprognosen ligg til grunn for dei to andre prognosane, og den viktigaste føresetnaden for at framtidig bustadbehov og arbeidsmarknad blir som venta, er at vi får den folkeveksten som er venta i befolkningsprognosen. Meir spesifikke føresetnader for denne rapporten kan ein lese om på side 3.

Dei tre rapportane i Fylkesprognoser.no for Hordaland er utarbeidt av Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Rapportane presenterer i all hovudsak data og prognosar på fylkesnivå. I prognosekjøringane er det berekna tal på kommunenivå, og deler av data og prognosar på kommunenivå kan skaffast på førespurnad. Om ein har spørsmål knytt til fylkesprognoser.no eller ønskjer tilgang til data (for Hordaland) kan ein ta kontakt med Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon, Stian Skår Ludvigsen: E-post: Stian.Ludvigsen@hfk.no, tlf: 55 23 92 79 eller Kristin Iversen: E-post: Kristin.Iversen@hfk.no, tlf: 55 23 94 11.

Bergen, 10.1.2013

Definisjonar

Fødselsfrekvens: Gjennomsnittleg tal levandefødde barn pr. kvinne etter alder i ein utvald region. Fødselsoverskot: Talet fødde minus talet døde i same periode utgjer fødselsoverskotet Dødssannsyn: Sannsyn for dødsfall for det einskilde kjønn i den einskilde aldersklassa. Dødssannsyn vert berekna på kvart alderstrinn for menn og kvinner kvar for seg, og nyttast mellom anna til å berekne forventa levealder. Nettoflytting: Blir definert som innflytting til en region (samling av fylker, kommunar osb.) minus utflyttinga i same periode. Til samanlikning vert bruttoflytting definert som summen av innflytting og utflytting. PANDA: Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), er eigd av fylkeskommunane og vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn.

Kort om føresetnader og metode for befolkningsprognosen

Prognosar og framskriving av folketalsutvikling er basert på historisk utvikling, og dette kan – og vil – avvike frå den utviklinga som faktisk vil skje. Ein må vere medviten om at prognosane ikkje er fasit på framtidig utvikling, og at dei er forbunde med feilkjelder. I langsiktig planlegging må ein derfor bruke prognosar med varsemd. Planar må vere robuste og fleksible nok til at dei kan handtere ulike framtidsscenario, både at veksten blir høgare og lågare enn prognosane tilseier. I Fylkesprognoser.no har vi lagt oss på eit framtidsscenario som føreset høg innvandring over lengre tid enn SSB legg til grunn i sine framskrivingar.

For dei spesielt interesserte: Folketalsutviklinga i Fylkesprognoser.no blir bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflytting (innflytting minus utflytting). Over lengre tidshorisontar spelar fødselsfrekvensar og dødssannsyn ei stor rolle ved berekning av befolkningsprognosar. Ved korte tidshorisontar er det derimot flyttinga som er det viktige for å bestemme befolkningsutviklinga i ein region, men flyttinga legg òg mykje av grunnlaget for framtidig fødselsoverskot. Ved berekning av folkesetnadsprognosen til Fylkesprognoser.no blir det nytta ein modellvariant kor ein tek omsyn til flytting.

Ved etablering av modellparameter og datagrunnlag til bruk i modellkjøringane blir det nytta data for siste statistikkår frå SSB. Estimeringsperiode for nivåfaktorar for fødde, døde, flytteratar og tilpassing til arbeidsmarknaden blir basert på eit gjennomsnitt av dei fire siste år.

I modellen blir det nytta dødssannsyn som er forskjellige mellom kjønna og varierer med alderen. Vi får i tillegg eit ”påfyll” av nye born. Dette skjer ved at kvinner i ulike aldrar får born med ein viss frekvens. Fødselsfrekvensane gjeld berre for kvinner og varierer med alderen. Ved kjøring av befolkningsmodellen blir det nytta faste regionfrekvensar frå SSB til justering av fødselsfrekvensar og dødssanssyn. Dødssanssyna blir derimot «glatta» med ei regionavstemming slik at ein får eit sett med dødssannsyn som er lik for alle kommunane innanfor ein region.

Regionen får vidare eit ”påfyll” av personar gjennom nettoflytting. I Fylkesprognoser.no for Hordaland blir nettoflyttinga gjennom prognoseperioden berekna ut frå framskriving av den historisk loglineære utviklinga i nettoflytting frå 2000 til 2012 (data for 2012 er estimert basert på observerte data for tredje kvartal 2012 og gjennomsnittleg differanse mellom tredje og fjerde kvartal siste fem år). Nettoflytting i åra 2013 til 2030 følgjer dermed ei framskrive regresjonslinje som funksjon av tid (målt loglineært) på nettoflytting i perioden 2000 til 2012. Modellen fordeler nettoflytting automatisk på alder og kjønn ved hjelp av ein glattefunksjon (Rogers-Castro). Kontakt forfattarar for detaljar.

Historisk flytting

2

Figur 1 viser at nettoflyttinga har auka frå 1 034 i 2004 til 3 933 i 2011, med 4 749 som topp i 2009. For 2012 har vi estimert nettoflyttinga til 5 008 personar. Desse dataa ligg til grunn for prognosekjøringane.

Kommentar

Det er i all hovudsak innvandringa til Hordaland som står for auken i nettoflyttinga desse åra. I 2011 var den innanlandske flyttinga til Hordaland negativ, og innvandring utgjer dermed heile nettoflyttinga. Sidan 2000 har det vore størst nettoflytting til Hordaland frå andre delar av Vestlandet, og sidan 2004 har nettoflyttinga til både Oslo-Akershus og SørAustlandet vore negativ for Hordaland. Det er ikkje nytta data om kvar folk flyttar til eller frå i prognosekjøringane, så desse dataa er ikkje vist i denne rapporten. Flyttedata for kommunane og regionane i Hordaland kan ein finne på http://statistikk.ivest.no under menyvalet Befolkning -> Folkevekst og flytting.

3

Figur 2 viser flytting etter alder summert for to periodar: 2002-2006 og 2007-2011. Det er personar i alderen 20 til 35 som flyttar mest. Det er svært få over 50 år som flyttar både inn og ut av Hordaland. Dette gjeld for begge periodar. I 2002 til 2006 var det flest 26-åringar som flytta til Hordaland og i 2007 til 2011 var det flest 27-åringar som flytta til fylket.

Kommentar

Flytting etter år, alder (og kjønn) på kommune-, region- fylkesnivå blir ikkje publisert i SSB sin statistikkbank. Vi har tilgang på desse dataa via PANDA, men flyttematriser gir potensielt enormt store tabellar om dei òg skal innehalde alder og kjønn, og det er òg potensielt mogleg å identifisere flyttinga til (nokre) enkeltindivid i slike tabellar, så dei er ikkje publisert som opne data. Figur 2 er derfor eit unikt PANDA-produkt. Det er mogleg for oss å produsere figur 2 med kommunale eller regionale data. Kommunar eller regionråd som har behov for dette kan kontakte AUD.

Flytteprognose

4

Figur 3 viser inn-, ut- og nettoflytting i Hordaland. Historiske tal frå 2000 til 2011, estimerte tal for 2012, og prognose for 2013 til 2030.

I 2011 var nettoflyttinga 3 933 personar, i 2012 er den estimert til 5 008 personar, i 2013 er nettoflyttinga framskrive til 4 372 personar, og i 2030 er den framskrive til 5 742 personar. I 2011 flytta 15 529 personar til Hordaland, mens 11 596 flytta ut av fylket. Dette gjev eit flytteoverskot på 3 933. I følgje prognosen vil det i 2030 vere 18 653 personar som flyttar til fylket, mens 12 911 vil flytte ut. Dette gjev eit flytteoverskot på 5 742.

Metodekommentar

Nettoflyttinga i 2012 er estimert basert på registerdata per tredje kvartal 2012 og gjennomsnittleg differanse mellom tredje og fjerde kvartal siste fem år. Nettoflyttinga gjennom resten av prognoseperioden er berekna ut frå framskriving av den historisk loglineære utviklinga i nettoflytting frå 2000 til 2012. Nettoflytting i åra 2013 til 2030 følgjer dermed ei framskrive regresjonslinje som funksjon av tid (målt loglineært) på nettoflytting i perioden 2000 til 2012.

På bakgrunn av dette, venter vi ei stadig aukande nettoflytting til Hordaland, men med ei loglineær trendline til grunn, vil vi vente litt lågare nettotilflytting i 2013 enn i 2012, men auke vidare framover, der vi venter at endringa frå år til år vil bli gradvis mindre. Dermed venter vi heller ikkje at den framtidige nettoinnvandringa skil seg frå det historiske mønsteret ved å brått bli vesentleg høgare.

Kommentar

Denne prognosen skil seg frå SSB sin siste prognose (juni 2012) ved at vi ikkje venter oss nokon retur til dei innvandringsnivå som var før 2007. Vår framskriving er dermed eit bilete av kva situasjon vi kan vente oss om vi fortsett å ha vedvarande høg nettoinnvandring til Noreg. Dette er gjort fordi fylkeskommunen av planomsyn ønskjer å vere førebudd på korleis Hordaland utviklar seg om innvandringa stabiliserer seg (litt over) det nivået vi har i dag.

På denne måten har vi produsert eit alternativ til SSB sin prognose. Sjå www.ssb.no/folkfram for denne.

Vi legg til grunn at Hordaland får sin foreløpig høgste nettotilflytting i 2012, og at denne ikkje vil bli slått før i 2021. Den foreløpig høgste innflyttinga til Hordaland hadde vi i 2011. Denne venter vi vil bli slått i 2016. Prognosemodellen til Panda reknar med at vi òg får høgare utflytting. Derfor vil det ta nokre år frå ny tilflyttingsrekord blir sett til ny nettotilflyttingsrekord blir sett.

I realiteten vil vi få større svingingar frå år til år. Prognosen er å sjå som eit glidande gjennomsnitt over fleire år. Det vil derfor kome svingingar rundt prognosen, og kva år vi faktisk kjem til å sjå nye rekordar, kan vi ikkje seie.

Prognose for fødde og døde

5

Der er mindre usikkerheit om fødsels- og dødsratar enn om innvandring, spesielt på kort sikt. I 2011 vart det fødd 6 278 personar i Hordaland, mens 3 875 døde. Dette gjev eit fødselsoverskot på 2 403. I følgje prognosen, vil fødselsoverskotet stige til 4 172 i 2030. Talet fødde er venta å auke kvart år framover, mens talet døde er venta å halde seg nokså stabilt fram til 2020. Fødselsoverskotet er dermed venta å flate ut mot slutten av framskrivingsperioden.

Prognose for samla folkevekst

6

Fordelt på aldersgrupper, er den største nominelle veksten frå 2011 til 2030 venta å kome blant 25-39-åringar (+ 39 000), deretter følgjer 40-59-åringar (34 500) og 0-14-åringar (30 500). Minst vekst er venta å kome blant 15-24-åringar (11 500). 15-24-åringar er òg den gruppa der det er venta minst relativ vekst (berre 17 %). Størst relativ vekst er venta å kome blant 60-74-åringar (42 %) og dei over 75 år (68 %).

Totalt er Hordaland venta å vekse med 166 000 innbyggjarar (34 %) frå 31.12.2011 til 31.12.2030. Hordaland er venta å passere 500 000 innbyggjarar tidleg i 2013, og 600 000 innbyggjarar tidleg i 2025. I 2020 er Hordaland venta å ha 562 000 innbyggjarar, og i 2030 er vi venta å ha 656 000 innbyggjarar. Samanlikna med SSB sine framskrivingar for Hordaland samla, ligg vår prognose for 2020 nøyaktig midt mellom SSB sine middel- og høgalternativ. For 2030 ligg vår prognose litt under SSB sitt høgalternativ.

Kommentar

Ei viktig føresetnad for at desse prognosane skal bli oppfylt, er at det er bustad til alle som vil bu her, og arbeid til alle som ønskjer det. Folkeveksten vil ikkje kome av seg sjølv. Om det er arbeidsplassar, men ikkje bustader, kan ein sjå prognosen som ein indikator på kva som ligg latent mogleg å få til av folkevekst, og kva press som vil vere både på bustadmarknaden og på arbeidsmarknaden. Om det er bustader, men ikkje arbeidsplassar, kan ein sjå prognosen motsett: som ein indikator på overkapasitet og risiko for fallande bustadprisar og lønningar, men òg som ein indikator på kva som vil bli mogleg å få til av sysselsettingsvekst. Om det korkje er bustader eller arbeidsplassar, vil mykje av grunnen for å flytte hit (og for å bli verande) bli borte, og vi vil heller ikkje få den folkeveksten som vi ventar oss i Fylkesprognoser.no

7

Folkevekst består av to nettokomponentar: nettoflytting og fødselsoverskot. Figur 6 viser dette og den samla folkeveksten i prosent. Vi ventar oss at den samla folkeveksten vil gradvis auke til 1,59 % i 2021-2025, for deretter å bli litt redusert. Den høgste folkeveksten hadde Hordaland i 2009, med 1,6 %.

Kommentar

I 2009 (og estimert i 2012) utgjorde nettoflyttinga 1 % av folketalet. Mellom 2019 og 2022 vil nettoflyttinga utgjere 0,92 % av folketalet per år. Fødselsoverskotet var på sitt historisk høgste nivå i 2009, med 0,58 % av folketalet, og vil vakse fram til mellom 2022 og 2025 der det vil utgjere 0,68 % av folketalet per år.

I absolutte tal ventar vi ein stadig aukande folkevekst frå år til år, men differansen frå eit år til det neste vil gradvis bli litt mindre, og målt i prosent av folketalet, vil veksten gå litt ned etter eit toppunkt i 2023.

Folkevekst etter alder og kjønn

8

Fordelt på femårsgrupper er det i dag gruppa 40-44 som er den største i Hordaland (17 254 kvinner og 18 233 menn). I 2030 er det gruppa 30-34 som er venta å bli den største (22 972 kvinner og 24 797 menn)

Kommentar

Til tross for at den største gruppa vil vere yngre i 2030 enn i dag, vil gjennomsnittsalderen bli høgare (38,5 i 2011 og 39,7 i 2030; sjå tabell 1 under). Dette er fordi dei eldste gruppene veks meir enn dei yngste, og dei over 70 vil bli relativt sett fleire enn i dag, mens dei mellom 10 og 24 vil bli relativt sett færre. Dette ser vi i pyramiden (figur 7) ved at det som i dag tilnærma er ein «boks» opp til 49 år, i 2030 får lang fleire kurvar. Pyramiden «eser» òg ut på toppen.

Innsnevringa i botn ser òg (litt) urovekkjande ut. Ein «samansnurpa» form er typisk eit teikn på låge fødselsratar i land i den vestlege verden (sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Population_pyramid), og er med på å gi høgare snittalder, men i Hordaland vil den i hovudsak skuldast den venta høge (arbeids)innvandringa av arbeidstakarar under 45. Samansnurpinga er heller ikkje heilt i botn, men heller blant dei som vil bli fødd dei neste par-tre åra. Deretter blir «basen» utvida igjen, og vi får påfyll til befolkninga frå nyfødde – ikkje «berre» av innvandrarar.

9

Dei relative endringane år-for-år ser vi i figur 8. Her er befolkninga inndelt i seks aldersgrupper. Diagrammet er stabla, men dette er gjort for å enklare vise utvikling og skilnader. Tala kan ikkje bli summert: Veksten er ikkje kumulativ, og må ikkje lesast som at vi venter oss 8-10 % årleg vekst! Samla vekst er vist med den raude linja, og er den same som i figur 6 (men skalert etter ei anna vertikal akse).

Kommentar

Aldersgruppa med mest stabil vekst er gruppa 40-59 år, og gruppa 0-14 er venta å ha langt meir stabil vekst framover enn den har hatt tilbake i tid. Veksten for gruppa 60-74 år har vært størst på slutten av 2000-talet, og vil om nokre år bli erstatta av vekst i gruppa 75+, som vil få veldig sterk vekst etter 2016.

Gruppa 15-24 år er venta å få svak vekst dei næraste åra, men dette må sjåast i samanheng med svak vekst i gruppa 0-14 år siste tiår.

Utvalde data på kommunenivå

Fylkesprognoser.no er først og fremst prognosar på fylkesnivå, og usikkerheita blir større når vi bryt tala ned på kommune- og regionnivå, men vi har òg kommunale og regionale tal, og nokre av desse er vist i tabell 1.

Til venstre i tabellen er fire kollonnar for folketal: folketalet per 31.12.2011, per 31.12.2020, per 31.12.2030, og gjennomsnittleg endring (Δ) per år frå 2011 til 2030. Deretter er det tre sett med kollonnar for tre aldersgrupper som er storforbrukarar av kommunale tenester: 1-5 år, 6-15 år, og dei over 75 år. For kvar av desse gruppene er det òg vist gjennomsnittleg endring per år frå 2011 til 2030. Lengst til høgre i tabellen er gjennomsnittsalder i 2011, 2020 og 2030. Vi har ikkje teken høgde for typisk fordeling av fødselstidspunkt i året ved utrekning av snittalder, men rekna 0-åringar i snitt som 0,5-åringar, 1-åringar i snitt som 1,5-åringar, osv.

Størst vekst er venta å kome i Meland (2,8 % p.a.), Os (2,6 %), og Askøy og Sund (2,3 %). 2,8 % per år over mange år vil vere ekstremt høgt, og om Meland klarer å tilby nok bustader, vil kommunen i så fall auke folketalet med like mange innbyggjarar som Radøy har i dag. Vår prognose for Meland er likevel heilt lik med SSB sin middelprognose for 2020, og litt under SSB sitt høgalternativ for 2030, sjølv om SSB på lang sikt legg opp til (litt) demping i innvandringa i høgalternativet (sjå www.ssb.no/folkfram).

Fedje er venta å få den største nedgangen i folketal. Her skil vi oss ein del frå SSB, og prognosane våre ligg godt under SSB sitt lågalternativ. I vår loglineære modell for utvikling i nettoflytting frå Fedje, venter vi sju nettoutflyttarar per år i 2013 og 2014, åtte per år frå 2015 til 2022, og ni per år frå 2023 til 2030. Ved hjelp av PANDA kan vi òg berekne nettoflytting i SSB sine modellar (SSB publiserer ikkje desse dataa): lågalternativet til SSB gir null nettoutflyttarar i 2012, 15 i 2013, 2,4 i snitt per år frå 2015 til 2022, og 2,3 i snitt per år frå 2023 til 2030. Sjølv om differansen ikkje er stor i absolutte tal per år, får den store konsekvensar over tid for ein liten kommune som Fedje.

I sum er Hordaland venta å vekse med 1,5 % per år frå 2011 til 2030. Dette er litt under SSB sitt høgalternativ, som venter 1,6 % vekst per år.

I tråd med kva vi såg i befolkningspyramiden, vil det vere mindre vekst blant 6-15-åringar enn den generelle veksten, men det vil vere litt større vekst blant 1-5-åringar. Desse to aldersgruppene er teken med for å gi kommunane informasjon om den venta utviklinga i to store grupper av forbrukarar av kommunale tenester.

Den venta eldrebølgja vil slå hardast ut for dei kommunane med relativt få eldre i dag. Kommunen med yngst folkesetnad i dag (Fjell – med ein snittalder på 35,5 år), vil få den største veksten i innbyggjarar over 75 år (i snitt 5,3 % per år). Over heile perioden vil talet innbyggjarar over 75 år i Fjell auke med 166 %. Dei andre kommunane tett på Bergen, samt nokre sunnhordlandskommunar, vil òg få sterk vekst i talet eldre. Hardanger er den regionen som vil få minst relativ vekst i talet eldre, og Fedje den kommunen med minst relativ vekst.

Gjennomsnittsalderen i Hordaland er venta å vekse frå 38,5 år per 31.12.2011 til 39,7 år i 2030. For kvart år vil dette gjennomsnittet auke med eit halvt år. Fedje har i dag den eldste folkesetnaden i Hordaland (45,1 år), og på grunn av sterk reduksjon i dei yngste gruppene, kombinert med auke i dei eldste, er Fedje etter vår modell venta å ha ein snittalder på 55,4 år i 2030. Dette er berre modellberekningar. Kva snittalder Fedje faktisk vil få i 2030 er nokså usikkert, men ein kan vere rimeleg trygg på at snittalderen vil auke meir her enn i andre deler av Hordaland. Likevel er Fedje den kommunen som vil få minst «sjokk» av eldrebølgja. Den blir tyngst for kommunane med yngre folkesetnad i dag, sjølv om det vil vere ei betydeleg utfordring for kommunane med eldst folkesetnad å få enda færre innbyggjarar i arbeidsfør alder.

10