Hordaland: Arbeidsliv 2012-2030

Samandrag

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin prognose for framtidig arbeidsstyrke i Hordaland fram mot 2030, og er basert på fylkeskommunen sin prognose for framtidig folketal som er publisert i rapporten Hordaland: Befolkning i Fylkesprognoser.no. I 2011 var det flest sysselsette innan offentleg forvaltning og anna tenesteyting. Det er også denne gruppa som har auka dei siste åra, med 17 %, frå 82 433 sysselstett i 2003 til 98 831 i 2011.

Arbeidsstyrkeprognosen viser at det fram mot 2030 vil vere ein liten auke i delen ikkje-yrkesaktive versus delen yrkesaktive i Hordaland. I 2002 var 50,6 % av befolkninga ikkje-yrkesaktive og 49,4 var yrkesaktive. I 2030 viser prognosen at 51,4 % vil være ikkje-yrkesaktive og 48,6 % vil vere yrkesaktive.

Om Fylkesprognoser.no

Fylkesprognoser.no er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunane som deltek i Pandagruppen. Denne gruppa eig Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), som teknisk vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Fylka står sjølv ansvarleg for sin eigen bruk av PANDA, og kvart fylke står sjølv ansvarleg for dei fylkesvise rapportane i Fylkesprognoser.no. SINTEF har ikkje ansvar for dei val og konklusjonar fylka gjer i sin bruk av PANDA og publikasjon av Fylkesprognoser.no. Eventuelle feil eller feilvurderingar i rapportane står fylka sjølv ansvarlege for.

Dei fleste fylkeskommunane har valt å publisere tre rapportar: ein for befolkning, ein for bustadbehov, og ein for arbeidsliv. Hordaland fylkeskommune er blant desse. Befolkningsprognosen ligg til grunn for dei to andre prognosane, og den viktigaste føresetnaden for at framtidig bustadbehov og arbeidsmarknad blir som venta, er at vi får den folkeveksten som er venta i befolkningsprognosen. Ein kan lese meir om dette i rapporten Hordaland: Befolkning. Meir spesifikke føresetnader for denne rapporten kan ein lese om på side 4.

Dei tre rapportane i Fylkesprognoser.no for Hordaland er utarbeidt av Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Rapportane presenterer i all hovudsak data og prognosar på fylkesnivå. I prognosekjøringane er det berekna tal på kommunenivå, og deler av data og prognosar på kommunenivå kan skaffast på førespurnad. Om ein har spørsmål knytt til fylkesprognoser.no eller ønskjer tilgang til data (for Hordaland) kan ein ta kontakt med Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon, Stian Skår Ludvigsen: E-post: Stian.Ludvigsen@hfk.no, tlf: 55 23 92 79 eller Kristin Iversen: E-post: Kristin.Iversen@hfk.no, tlf: 55 23 94 11.

Bergen, 10.1.2013

Definisjonar

Arbeidsstyrken: Summen av alle arbeidstakarar (lønnstakarar og sjølvstendige) og arbeidsledige. Næringsstruktur: Ei næring kan definerast som ein avgrensa definert sektor som inneheldt mange verksemder som produserer varer og tenester som enten er heil like eller svært samanliknbare for ein eller fleire karakteristika. Næringane er her delt inn i 9 hovudgrupper som gjensidig utelukkande. PANDA: Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), er eigd av fylkeskommunane og vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Pendling: Pendlarar er her definert som personar som har arbeidsstad i eit anna fylke enn der dei bur Sysselsette: Summen av lønnstakarar og sjølvstendige etter arbeidsstad Yrkesaktive: Summen av lønnstakarar og sjølvstendige etter bustad. Yrkesfrekvensar: Eit uttrykk for kor sannsynleg det er at ein person er i arbeid innanfor ei gitt aldersgruppe og kjønn. Ikkje-yrkesaktive: Delen av befolkninga (alle aldersgrupper) som ikkje er yrkesaktive2

 

Kartet viser fylka i Noreg delt inn i 5 regionar. Regionane er brukt som utgangspunkt for å analysere netto pendlingsstraumar mellom Hordaland fylke og andre regionar i Noreg.

Kort om føresetnader og metode for prognosane

På same måte som når hushalds- og bustadfrekvensar vert berekna i Fylkesprognoser.no (sjå dei andre rapportane), vert det det også berekna yrkesfrekvensar. Yrkesfrekvensar er et uttrykk for kor sannsynleg det er at ein person er i arbeid innanfor ei gitt aldersgruppe og kjønn. Yrkesfrekvensane vert kopla mot befolkningsprognosen, og gir berekning av framtidig arbeidsstyrke og tal yrkesaktive. Det er ein føresetnad at dagens yrkesfrekvensar for ulik alder og kjønn ikkje vert endra i prognoseperioden.

Prognosar og framskriving av folketalsutvikling og sysselsetting er basert på historisk utvikling, og dette kan – og vil – avvike frå den utviklinga som faktisk vil skje. Ein må vere medviten om at prognosane ikkje er fasit på framtidig utvikling, og at dei er forbunde med feilkjelder. I langsiktig planlegging må ein derfor bruke prognosar med varsemd. Planar må vere robuste og fleksible nok til at dei kan handtere ulike framtidsscenario, både at veksten blir høgare og lågare enn prognosane tilseier. I Fylkesprognoser.no har vi lagt oss på eit framtidsscenario som føreset høg innvandring over lengre tid enn SSB legg til grunn i sine framskrivingar.

Næringsstruktur – historisk statistikk

3

Det er flest sysselsette innan offentleg forvaltning og anna tenesteyting. Det er også denne gruppa som har auka mest i perioden, med 17 %, frå 82 433 sysselstett i 2003 til 98 831 i 2011. Den minste næringa etter denne inndelinga, er kraft og vassforsyning. I denne næringa var det 1 900 sysselsette i 2003 og 1 959 i 2011. Den største relative nedgangen i tal tilsette i perioden finn vi innan jordbruk, skogbruk og fiske, med ein nedgang på 7,9 %.

Prognose for arbeidsstyrken

4

Figur 2 viser tal menn og kvinner i yrkesaktive aldersgrupper i 2011 og prognose for 2030. Det er særleg i aldersgruppene mellom 25 til 59 at det vil vere stor vekst.

5

Prognosen viser at det fram mot 2030 vil vere ein liten auke i delen ikkje-yrkesaktive versus delen yrkesaktive i Hordaland. I 2002 var 50,6 % av befolkninga ikkje-yrkesaktive og 49,4 var yrkesaktive. I 2030 viser prognosen at 51,4 % vil være ikkje-yrkesaktive og 48,6 % vil vere yrkesaktive. Veksten vil vere størst i ikkje-yrkesaktive allereie etter 2014.

6

Figur 4 viser den årlege prosentvise veksten i yrkesaktive og ikkje-yrkesaktive frå 2002 til 2030. Vi ser her tydelegare enn i figur 3 at veksten i delen ikkje-yrkesaktive vil vere større enn veksten i delen yrkesaktive allereie frå 2014. I 2030 vil skilnaden vere ein vekst på 1,9 % i tal ikkje-yrkesaktive og ein vekst på 1,2 % i tal yrkesaktive.

Pendling – historisk statistikk

Hordaland har hatt eit netto pendlingsunderskot i heile perioden. I 2002 var innpendlinga til fylket på 11 543 og utpendlinga på 17 845. I 2011 var innpendlinga 14 523 og utpendlinga 20 150. Innpendlinga var høgast i 2008 (15 114) og utpendlinga høgast i 2011

7

Regionane i figur 6 er Nord-Noreg (Finnmark, Troms og Nordland), Midt-Noreg (trøndelagsfylka og Møre og Romsdal), Vestlandet (Sogn og Fjordane og Rogaland), Oslo-Akershus, og Sør-Austlandet (resten av landet). Hordaland har i perioden 2002 til 2011 hatt ei positiv nettopendling frå tre regionar: Nord-Noreg, Midt-Noreg og Sør-Austlandet. For resten av landet er nettopendlinga negativ for Hordaland. I 2011 hadde Hordaland størst nettopendling frå Sør-Austlandet (1 616) og lågast var den til Sokkelen og Svalbard (-4 211). Av regionane i fastlands-Noreg var nettoinnpendlinga lågast frå Oslo-Akershus (-2 997).

Utvalde data på kommune- og regionnivå

I 2011 utgjorde arbeidsstyrken 53 % av folketalet. I 2030 viser prognosen at denne delen har minska til 51 %. Arbeidsstyrken i Hordaland vil i følgje prognosen auke med 1,3 % i året. På den andre sida vil delen som står utanfor arbeidsstyrka auke meir, med 1,8 % årleg.

Om vi samanliknar regionane i fylket er det Bergen som i 2030 har den største arbeidsstyrken i % av folketalet med 52 %. For Bjørnefjorden vil delen vere 51 %, i Nordhordland og Vest 50 % og for dei andre regionane viser prognosen at i 2030 vil arbeidsstyrken utgjøre 49 % av folketalet.

På kommunenivå er det framleis Bergen som vil ha den største høvesvise arbeidsstyrken i 2030 (52 %) og Fedje vil i følgje prognosen vi ha den minste arbeidsstyrken med 40 % av folketalet.

8