DU ER HER: Forside > Rapporter > AUD-rapport nr 3-2014 – Fylkesprognosar Hordaland: Arbeidsliv

1

2

Samandrag

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin prognose for framtidig arbeidsstyrke i Hordaland fram mot 2030, og er basert på fylkeskommunen sin prognose for framtidig folketal som er publisert i AUD-rapport nr 1-2014 Fylkespro- gnosar Hordaland: Befolkning 2014-2030. I 2012 var det flest sysselsette innan offentleg forvaltning og anna tenesteyting. Det er også denne gruppa som har auka mest i reelle tal dei siste åra, frå 78 453 sysselstett i 2002 til 99 151 i 2012.

Forsørgjarbyrda blir tyngre i åra som kjem. Arbeidsstyrkeprognosen viser at det fram mot 2030 vil vere ein auke i delen ikkje-yrkesaktive versus delen yrkesaktive i Hordaland. Hordaland hadde den høgste delen yrkesaktive i 2008. Dette året var 53,8 % av befolkninga yrkesaktive og 46,2 var ikkje yrkesaktive. Dette er i ferd med å snu. Vår prognose ventar i 2030 at 51,1 % vil stå i arbeidsstyrka og 48,9 % vil stå utanfor.

Etter våre berekningar blir den tyngste forsørgjarbyrda i 2030 å finne i Tysnes (55 % ikkje-yrkesaktive), Vaksdal (54 %), og Kvinnherad, Samnanger og Fedje (53 %).

Alle kommunar vil ha større vekst (eller mindre reduksjon) i talet ikkje-yrkesaktive enn i talet yrkesaktive. Det vil vere størst misforhold i Eidfjord, Samnanger, Tysnes, Granvin, Lindås og Masfjorden (mellom 0,9 og 1,1 prosentpoeng differanse per år). Lindås og Masfjorden vil få vekst i begge gruppene, men størst vekst i ikkje-yrkesaktive. Granvin vil få nedgang i begge gruppene, men minst nedgang i ikkje-yrkesaktive, mens Eidfjord, Samnanger og Tysnes vil få nedgang i yrkesaktive og vekst i ikkje-yrkesaktive.

Om fylkesprognoser.no

Fylkesprognoser.no er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunane som deltek i Pandagruppen. Denne gruppa eig Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), som teknisk vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Fylka står sjølv ansvarleg for sin eigen bruk av PANDA, og kvart fylke står sjølv ansvarleg for dei fylkesvise rapportane i Fylkesprognoser.no. SINTEF har ikkje ansvar for dei val og konklusjonar fylka gjer i sin bruk av PANDA og publikasjon av Fylkesprognoser.no. Eventuelle feil eller feilvurderingar i rapportane står fylka sjølv ansvarlege for.

Dei fleste fylkeskommunane har valt å publisere tre rapportar: ein for befolkning, ein for bustadbehov, og ein for arbeidsliv. Hordaland fylkeskommune er blant desse, men har i tillegg ein flytteprognose som ligg til grunn for befolkningsprognosen. Befolkningsprognosen ligg så til grunn for dei to andre prognosane, og den viktigaste føresetnaden for at framtidig bustad- behov og arbeidsmarknad blir som venta, er at vi får den folkeveksten som er venta i befolkningsprognosen. Ein kan lese meir om dette i rapporten Hordaland: Befolkning 2014-2030. Meir spesifikke føresetnader for denne rapporten kan ein lese om på side 5.

Dei fire rapportane i fylkesprognoser.no for Hordaland er utarbeidt av Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Regionalav- delinga i Hordaland fylkeskommune. Dei tre første rapportane (AUD-rapport nr 1, 2 og 3 – 2014) presenterer i all hovudsak data og prognosar på fylkesnivå. AUD-rapport nr 4 – 2014 inneheld presentasjon av hovudresultata (befolkningstotalen) frå alle alternative prognosekjøringar for alle kommunane og regionane i fylket. I prognosekjøringane er det berekna fleire tal på kommunenivå enn det som er publisert i desse rapportane, og deler av data og prognosar på kommunenivå kan skaf- fast på førespurnad. Om ein har spørsmål knytt til fylkesprognoser.no eller ønskjer tilgang til data (for Hordaland) kan ein ta kontakt med Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon. Kontaktinfo på side 2.

Definisjonar

Arbeidsstyrken: Summen av alle arbeidstakarar (lønnstakarar og sjølvstendige) og arbeidsledige.
Næringsstruktur: Ei næring kan definerast som ein avgrensa definert sektor som inneheldt mange verksemder som pro- duserer varer og tenester som enten er heil like eller svært samanliknbare for ein eller fleire karakteristika. Næringane er her delt inn i 9 hovudgrupper som gjensidig utelukkande.
PANDA: Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), er eigd av fylkeskommunane og vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn.
Pendling: Pendlarar er her definert som personar som har arbeidsstad i eit anna fylke enn der dei bur
Sysselsette: Summen av lønnstakarar og sjølvstendige etter arbeidsstad
Yrkesaktive: Summen av lønnstakarar og sjølvstendige etter bustad.
Yrkesfrekvensar: Eit uttrykk for kor sannsynleg det er at ein person er i arbeid innanfor ei gitt aldersgruppe og kjønn.
Ikkje-yrkesaktive: Delen av befolkninga (alle aldersgrupper) som ikkje er yrkesaktive.

3

Kort om føresetnader og metode for prognosane

På same måte som når hushalds- og bustadfrekvensar vert berekna i fylkesprognoser.no (sjå dei andre rapportane), vert det det også berekna yrkesfrekvensar. Yrkesfrekvensar er et uttrykk for kor sannsynleg det er at ein person er i arbeid in- nanfor ei gitt aldersgruppe og kjønn. Yrkesfrekvensane vert kopla mot befolkningsprognosen, og gir berekning av framtidig arbeidsstyrke og tal yrkesaktive. Det er ein føresetnad at dagens yrkesfrekvensar for ulik alder og kjønn ikkje vert endra i prognoseperioden.

Prognosar og framskriving av folketalsutvikling og sysselsetting er basert på historisk utvikling, og dette kan – og vil – avvi- ke frå den utviklinga som faktisk vil skje. Ein må vere medviten om at prognosane ikkje er fasit på framtidig utvikling, og at dei er forbunde med feilkjelder. I langsiktig planlegging må ein derfor bruke prognosar med varsemd. Planar må vere ro- buste og fleksible nok til at dei kan handtere ulike framtidsscenario, både at veksten blir høgare og lågare enn prognosane tilseier. I fylkesprognoser.no har vi lagt oss på eit framtidsscenario som føreset høg innvandring over lengre tid enn SSB legg til grunn i sine framskrivingar. I årets utgåve av fylkesprognoser.no har Hordaland fylkeskommune òg produsert prog- nosar basert på høg- og lågalternativ, samt på eit scenarie der nettoinnvandringa er sett til null (nullinnvandringsalternativ).

Næringsstruktur – historisk statistikk

4

Det er flest sysselsette innan offentleg forvaltning og anna tenesteyting. Det er også denne gruppa som i reelle tal har auka mest i perioden, med 20 698 sysselsette (26 %), frå 78 453 i 2002 til 99 151 i 2012. Den minste næringa etter denne inn- delinga er kraft og vassforsyning. I denne næringa var det 1 892 sysselsette i 2002 og 2 180 i 2012. Nedgang i tal tilsette i heile perioden finn vi innan industri og bergverksdrift (-1 815 | -6 %), og innan jordbruk, skogbruk og fiske (-821 | -14 %). Sidan 2007 har det òg vore nedgang innan transport og kommunikasjon og varehandel, hotell- og restaurantverksemd.

Prognose for arbeidsstyrken

5

Figur 2 viser tal menn og kvinner i yrkesaktive aldersgrupper i 2012 og prognose for 2030. Det er særleg i aldersgruppene mellom 25 til 59 at det vil vere stor vekst.

6

På grunn av ny definisjon av yrkesaktive i 2006, viser vi berre prosentforholdet mellom yrkesaktive og ikkje-yrkesaktive etter dette. Prognosen viser at det fram mot 2030 vil vere ein auke i delen ikkje-yrkesaktive versus delen yrkesaktive i Hor- daland. I 2008 var 53,8 % av befolkninga i arbeidsstyrka og 46,2 var utanfor. Dette har gått noko ned dei siste åra, og vår prognose ventar ein fortsatt nedgang. I 2030 viser prognosen at 51,1 % vil vere i arbeidsstyrka og 48,9 % utanfor. Med andre ord, veks talet ikkje-yrkesaktive raskare enn talet yrkesaktive. Om vi ventar oss ei arbeidsløyse på tre til fire prosent, vil delen av befolkninga i arbeid om få år bli mindre enn delen utan arbeid.

Tabell 1 på side 12 viser desse tala for kvar region og kommune i fylket for 2012, 2020 og 2030. Tabellen viser arbeids- styrka i tal og i prosent av folketalet, og venta årleg vekst fram til 2030 i talet yrkesaktive og talet ikkje-yrkesaktive. Den siste kollonna i tabellen viser differansen i årleg vekst. I alle kommunane vil det vere større vekst (eller mindre reduksjon) i talet ikkje-yrkesaktive enn i talet yrkesaktive. Den største differansen (det største misforholdet) blir å finne i Eidfjord og Samnanger. I Eidfjord er det venta ein årleg reduksjon i talet yrkesaktive på 0,6 % og ein motsvarande årleg auke i talet ikkje-yrkesaktive. I Samnanger er det venta ein årleg reduksjon i talet yrkesaktive på 0,3 % og ein auke i talet ikkje- yrkesaktive på 0,8 %. I begge kommunane gir dette ein årleg differanse på 1,1 prosentpoeng mellom dei to vekstratane. Samnanger er likevel dårlegare stilt enn Eidfjord, da Eidfjord i dag har 57 % i arbeidsstyrka, og framleis i 2030 vil ha over halvparten av befolkninga som i arbeidsstyrka, mens Samnanger i dag har 51 % i arbeidsstyrka, og i 2030 vil vere nede i 47 %.

Tysnes vil i 2030 ha det tyngste «forsørgjarbyrda» med berre 45 % i arbeidsstyrka, følgd av Vaksdal (46 %) og Kvinnherad, Jondal, Samnanger og Fedje (47 %).

I 2012 var det sju kommunar der mindre enn halvparten av befolkninga var yrkesaktive. I 2030 er dette venta å auke til heile 19. I 2030 vil 51,1 % av befolkninga i Hordaland vere i arbeidsstyrka, men denne delen er nede i 49,8 % om vi held Bergen utanom.

I AUD-rapport nr 4-2014 viser vi hovudresultata også frå alternative modellkøyringar. Vi har mellom anna ei køyring der vi held innvandringa utanom. Utan innvandring ville ytterlegare fem kommunar hatt færre i arbeidsstyrka enn med, og Tysnes ville hatt ei enda tyngre «forsørgjarbyrde» med berre 43 % yrkesaktive.

7

Figur 4 viser den årlege prosentvise veksten i yrkesaktive og ikkje-yrkesaktive frå 2002 til 2030. Vi ser her tydelegare enn i figur 3 at veksten i delen ikkje-yrkesaktive vil vere større enn veksten i delen yrkesaktive. I 2022 vil skilnaden vere størst, med ein venta vekst på 2 % i tal ikkje-yrkesaktive og 1,1 % i tal yrkesaktive.

Pendling – historisk statistikk 8

Hordaland har hatt eit netto pendlingsunderskot i heile perioden. I 2002 var innpendlinga til fylket på 11 543 og utpendlinga på 17 845. I 2012 var innpendlinga 14 778 og utpendlinga 20 513. Nettopendlinga var med det på -5 735. Innpendlinga var
høgast i 2008 (15 114) og utpendlinga høgast i 2012. Nettopendlinga var størst i 2002 (-6 302).

Hordaland fylkeskommune publiserte i august 2013 ein eigen pendlingsprognose (AUD-rapport nr 5-2013). Denne byggjer på same sysselsettingsdata som her, men med befolkningsdataa frå førre utgåve av fylkesprognoser.no, og ventar at vi i 2030 vil ha 18 900 pendlarar til fylket og 26 200 pendlarar ut av fylket (inkludert 5 700 til sokkelen). Nettopendlinga er der- med venta å auke til -7 300. Pendlingsprognosen inneheld òg framskriving av pendling mellom regionane i Hordaland. I 2012 var det 56 331 hordalendingar som pendla ut av eigen hordalandsregion. I 2030 er dette talet venta å auke til
76 400.1

9

Landsdelane i figur 6 er Nord-Noreg (Finnmark, Troms og Nordland), Midt-Noreg (trøndelagsfylka og Møre og Romsdal), Vestlandet (Sogn og Fjordane og Rogaland), Oslo-Akershus, og Sør-Austlandet (resten av landet). Hordaland har i perio- den 2002 til 2012 hatt ei positiv nettopendling frå tre regionar: Nord-Noreg, Midt-Noreg og Sør-Austlandet. For resten av landet er nettopendlinga negativ for Hordaland. I 2012 hadde Hordaland størst nettopendling frå Sør-Austlandet (1 663) og lågast var den til Sokkelen og Svalbard (-4 603). Av landsdelane i fastlands-Noreg var nettoinnpendlinga lågast frå Oslo- Akershus (-2 639). Nettopendlinga mellom Hordaland og dei to andre vestlandsfylka var i 2012 på -1 639.

Pendlingsprognosen (sjå førre side) har meir detaljert inndeling av både Hordaland og resten av landet. Interesserte opp- modast om å sjå denne.

Utvalde data på kommune- og regionnivå

I 2012 utgjorde arbeidsstyrken 53 % av folketalet. I 2030 viser prognosen at denne delen er venta å minke til 51 %. Ar- beidsstyrken i Hordaland vil i følgje prognosen auke med 1,3 % i året, men den delen som står utanfor arbeidsstyrka vil auke meir, med 1,8 % årleg.

Om vi samanliknar regionane i fylket er det Bergen som i 2030 har den største arbeidsstyrken i prosent av folketalet med 52 %. For Bjørnefjorden vil delen vere 51 %, Voss og Vest 50 % og for dei andre regionane viser prognosen at arbeidsstyr- ken i 2030 vil utgjere 49 % av folketalet.

På kommunenivå er det framleis Bergen som vil ha den største høvesvise arbeidsstyrken i 2030 (52 %) og Tysnes vil i følgje prognosen vi ha den minste arbeidsstyrken med 45 % av folketalet. Sjå elles side 8 og 9.

10

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande
opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur.

Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida
i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

11