AUD-rapport nr 2-2014 – Fylkesprognosar Hordaland: Bustadbehov

 

2

Samandrag

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin prognose for framtidig bustadbehov i Hordaland fram mot 2030, og er basert på fylkeskommunen sin prognose for framtidig folketal som er publisert i AUD-rapport nr 1-2014 – Fylkesprognosar Hordaland: Befolkning 2014-2030.

Samanlikna med 2012, vil det i 2030 vere behov for 67 000 fleire bustader i Hordaland. 27 700 av desse vil vere for einslege, 19 500 for familiar med relativt lite arealkonsum (par utan born og einslege foreldre med born), og 19 800 for familiar og hushald med stort arealkonsum (par med born, hushald med vaksne born og fleirfamiliehushald).

Over dei 18 åra frå 2012 til 2030 vil det da vere behov for å auke bustadmassen med 3 700 bustader per år. 2 600 av desse bør vere for einslege og små familiar. Modellane våre bereknar ikkje bustadavgang – bruksendring, riving, blir ståande tomme, etc. Byggebehovet vil derfor vere større enn 3 700 bustader per år.

Om vi skal oppretthalde den bustadstruktur vi i dag har er det behov for 33 500 nye einebustader, 16 000 nye småhus og berre 17 000 bueiningar i bustadblokker eller bufellesskap. Som tala over viser, vil dette vere for mange store og arealkrevjande bustader og for få tettbygde bustader. Det er vår påstand at det er eit behov for vesentleg fortetting om vi skal få plass til den venta folkeveksten.

Mykje av det statistisk berekna bustadbehovet for store bustader skuldast at det i dag er mange eldre som bur åleine i einebustader. Kommunane bør leggje til rette for at desse einebustadene blir tilgjengelege for større hushald. Mange einebustader blir òg gjort om til fritidsbustader – ofte utan å melde bruksendring. Kommunane kan òg her auke utnyt- tingsgraden av eksisterande einebustader (og tilhøyrande kommunal infrastruktur) ved å leggje til rette for at arvingar bytter inn arva einebustader med fritidsbustader som er oppført for fritidsformål. Vi har ikkje laga prognosar for fritids- bustader.

Definisjonar

Bustad: Alle husvære med eitt rom eller meir og kjøkken.
Bustadbehov: Talet bustader som blir etterspurt i ein region i ein periode.
Bustadkonsum: Viser kor stor del av bustadmassen som vil bli brukt (konsumert) av innbyggjarane fordelt på alder og kjønn.
Bustadtype: Bustad er her delt inn i følgjande kategoriar: Einebustad, tomannsbustad, rekkehus, bustadblokk og bufellesskap (til dømes studentbustader og institusjonar).
Bustadtypepreferansar: Kva type bustad ein ville vald om ein fekk velje fritt, utan økonomiske eller materielle av- grensingar.
Hushald: Eit hushald omfattar personar som har same bustad.
Hushaldtype: Hushald er her delt inn i følgjande kategoriar: fleirfamiliehushald med born (under 18 år), fleirfamilie- hushald utan born, einfamiliehushald med vaksne born (over 18 år), mor eller far med born, par med born,
par utan born og aleinebuande.
PANDA: Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), er eigd av fylkeskommunane og vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn.
Prognose: Framskriving bygd på ein eller fleire føresetnader.

Om Fylkesprognoser.no

Fylkesprognoser.no er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunane som deltek i Pandagruppen. Denne gruppa eig Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), som teknisk vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Fylka står sjølv ansvarleg for sin eigen bruk av PANDA og utarbeiding av dei fylkesvise rappor- tane i fylkesprognoser.no. SINTEF har ikkje ansvar for dei val og konklusjonar fylka gjer i sin bruk av PANDA og publi- kasjon av fylkesprognoser.no. Eventuelle feil eller feilvurderingar i rapportane er fylka sine.

Dei fleste fylkeskommunane har valt å publisere tre rapportar: ein for befolkning, ein for bustadbehov, og ein for ar- beidsliv. Hordaland fylkeskommune er blant desse, men har i tillegg ein flytteprognose som ligg til grunn for befolk- ningsprognosen. Befolkningsprognosen ligg så til grunn for dei bustad- og arbeidslivsprognosane, og den viktigaste føresetnaden for at framtidig bustadbehov og arbeidsmarknad blir som venta, er at vi får den folkeveksten som er venta i befolkningsprognosen. Meir spesifikke føresetnader for denne rapporten kan ein lese om under.

Dei fire rapportane i fylkesprognoser.no for Hordaland er utarbeidt av Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Regio- nalavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Dei tre første rapportane (AUD-rapport nr 1, 2 og 3 – 2014) presenterer i all hovudsak data og prognosar på fylkesnivå. AUD-rapport nr 4 – 2014 inneheld flytteprognosane for kvar kommune og presentasjon av hovudresultata (befolkningstotalen) frå alle alternative prognosekjøringar for alle kommunane og regi- onane i fylket. I prognosekjøringane er det berekna fleire tal på kommunenivå enn det som er publisert i desse rappor- tane, og meir detaljerte data og prognosar på kommunenivå kan lastast ned frå statistikk.ivest.no. Om ein har spørs- mål knytt til fylkesprognoser.no eller ønskjer tilgang til andre data (for Hordaland) kan ein ta kontakt med Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon. Kontaktinfo på side 2.

Bergen, 30.1.2014

Kort om føresetnader og metode for bustadbehovprognosane

Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar direkte endringar i bustadbehovet. Kva type hushald ein person (gjeve alder og kjønn) i fram- tida er venta å finne seg i er òg relevant. Det same er forventa bustadkonsum innafor ulike typar hushald, bustader, alder og kjønn. Basert på befolkningsprognosen som er køyrt i samband med fylkesprognoser.no får ein òg berekna prognosar for bustadbehov. Hushald- og bustadfrekvensar som finns i PANDA-modellen blir kopla mot befolknings- prognosane, og gir berekning av det framtidige bustadbehovet. Det er føresett at dei hushaldetableringar og bustad- typepreferansar vi i dag finn blant ulike aldersgrupper ikkje blir endra i prognoseperioden.

Prognosar og framskriving av folketalsutvikling og bustadbehov er basert på historisk utvikling, og dette kan – og vil – avvike frå den utviklinga som faktisk vil skje. Ein må vere medviten om at prognosane ikkje er fasit på framtidig ut- vikling, og at dei er forbunde med feilkjelder. I langsiktig planlegging må ein derfor bruke prognosar med varsemd. Planar må vere robuste og fleksible nok til at dei kan handtere ulike framtidsscenario, både at veksten blir høgare og lågare enn prognosane tilseier. I Fylkesprognoser.no har vi lagt oss på eit framtidsscenario som føreset høg innvand- ring over lengre tid enn SSB legg til grunn i sine framskrivingar.

Sjå AUD-rapport nr 1-2014 – Fylkesprognosar Hordaland: Befolkning 2014-2030 for meir detaljar.

Framtidig bustadbehov etter type hushald

3

I alt er det estimert behov for 200 540 bustader i 2012. Innan 2030 er det behov for 67 000 fleire bustader. Dette er i snitt ein auke på 3 700 bustader per år, eller 1,6 % (som er 0,1 prosentpoeng over venta folkevekst).

Figur 1 viser framtidig fordeling av bustadmassen etter hushaldtypar. Den største delen både i dag og i framtida er aleinebuande (39,3 % i 2012 – aukande til 39,8 % i 2030). Den nest største gruppa i dag er par med born (22,3 % i 2012, 21,6 % i 2030), men denne vil i 2019 bli forbigått av par utan born (21,3 % i 2012, 22,2 % i 2030). Eineforsørgja- rar utgjorde i 2012 5,1 % av hushalda, og denne gruppa vil i prosent bli redusert til 4,9 % i 2030.

Kommentar
Som nemnt i kapitlet om føresetnader og metode er bustadkonsumet etter alder og kjønn halde konstant: Alle end- ringane vil skuldast aldersendringar i befolkninga.

Dette er dei innbyrdes endringane som resultat av befolkningssamansettinga. I tal vil alle hushaldtypane auke, og mest reell vekst vil kome i den største gruppa. Det vil i 2030 vere behov for 27 700 fleire bustader for aleinebuande, 16 800 fleire for par utan born, 13 000 fleire for par med born, 4 400 fleire for einfamiliehushald med vaksne born (18 år og eldre), 2 800 fleire for einslege forsørgjarar, 1 400 fleire for fleirfamiliehushald utan born, og 800 fleire for fleirfa- miliehushald med born. I prosent vil det vere størst behov for auke i bustader for par utan born (39 %), og minst for einslege forsørgjarar (26 %).

Framtidig bustadbehov etter bustadtype

4

Framskrivinga for bustadtype (figur 2) føreset at dagens samansetting av – og preferansar for – bustadmassen er halde konstant, sjølv om dette har vore i endring historisk, og må endre seg i framtida. Det vil seie at halvparten av bustadene vil vere einebustader, 22 % vil vere i bustadblokker, 16 % vil vere tomannsbustader, 8 % rekkehus og 4 % bufellesskap. I så fall vil det vere behov for 33 500 fleire einebustader (1 860 per år), 14 700 fleire blokkeiningar (820
per år), 10 900 tomannsbustader (600 per år), 4 900 fleire rekkehus (270 per år), og 2 300 einingar i bufellesskap (130 per år).

Kommentar
Framskrivinga av bustadbehovet i Hordaland syner eit stort behov for einebustader, noko som ikkje er i tråd med ei målsetting om auka fortetting. På denne måten synleggjer ein konsekvensane av å oppretthalde eit utbyggingsmøns- ter som vi har i dag. Prognoser kan dermed underbyggje behovet for trendskifter i planlegginga, og m ed krav til fortet- ting blir framskrivinga «feil» (den vil ikkje bli faktum): Ein kan ikkje vente seg at halvparten av nybygde bustader er einebustader. I staden må ein større del av denne bustadmassen bli erstatta av meir konsentrerte bustadformer, for- trinnsvis bustadblokker og rekkehus. Figur 1 viste oss at behovet er størst for bustader for einslege og par utan born. Dette utgjer 67 % av det venta behovet på 67 000 bustader, og her ligg eit sterkt fortettingspotensiale.

Sjå figur 6 for fordeling av bustadtyper etter bebuarane sin alder.

Framtidig bustadkonsum etter alder og kjønn

5

Figur 3 viser venta bruk av bustadmasse frå 2012 til 2030 etter alder, rekna om til tal bustader (bustadkonsum).

Bustadkonsum skil seg litt frå bustadbehov ved at det blir rekna ut kor stor del av den samla bustadmassen som vil bli brukt (konsumert) av innbyggjarane fordelt på alder og kjønn. Det samla konsumet vil vere likt det samla bustadbeho- vet i figur 1 og 2, men inndelinga i aldersgrupper i figur 3 er basert på aldersgruppene sin del av bustadmassen, og ikkje gjensidig utelukkande kategoriar som i figur 1 og 2.

Ettersom vi blir fleire hordalendingar i alle aldersgrupper, blir det òg auka konsum av bustader for alle aldersgrupper. Prosentveksten i bustadkonsumet er venta å vere størst for dei over 75 år (+ 65 %), deretter for aldersgruppene 60-74 år (37 %), 25-39 (35 %), 0-14 (31 %), 40-59 (25 %) og 15-24 (16 %). I absolutte tal er veksten venta å vere størst for
aldersgruppa 25-39 år (tilsvarande 16 100 bustader), deretter 75-99 (13 800), 60-74 år (13 300), 40-59 (13 100), 0-14
(6 700) og 15-24 (3 800).

Kommentar
Berre dei som bur aleine har behov for ein heil bustad. Dei som ikkje bur aleine har behov for sin del av bustaden. I modellkjøringa er til dømes ingen under 15 år venta å bu aleine, mens over halvparten av kvinnene over 80 år er ven- ta å bu aleine.

Born bur som nemnt ikkje aleine. Fordi til dømes 82 % av 0-14-åringar er venta å bu blant par med born og 13 % blant mor/far med born, og kvar av dei er venta å utgjere 23 % av par-med-born-hushald og 38 % av mor/far-med-born- hushald, og dermed i snitt litt under ¼ av ein bustad, vil den reelle bustadmassen som trengs for å busette framtidige hushald med 0-14-åringar vere rundt 25 000 bustader. Desse bustadene vil òg huse ein del 15-24-åringar, 25-39- åringar, 40-59-åringar, osv. Det auka bustadarealet som born mellom 0 og 14 år brukar, vil derimot svare til 6 700 heile bustader.

6

Figur 4 viser bustadkonsum i 2012 og 2030 etter kjønn og alder.

Kommentar
I reelle tal er det venta vekst i tal innbyggjarar for begge kjønn og alle aldrar. I relative tal (ikkje vist i figuren), vil det vere redusert bustadkonsum blant dei mellom 15 og 24, og ganske likt for alle andre aldrar opp til 69 år. For dei over 70 – og da spesielt for dei mellom 70 og 85, vil desse aldersgruppene sin del av bustadmassen auke. Endringane i fordelinga av hushaldtypar i figur 1 (spesielt auken i delen aleinebuande), er resultat av denne aldersforskyvinga.

7

Figur 5 viser årleg utvikling i bustadkonsumet frå 2012 til 2030 etter alder. Her er det viktig å merke seg at dei relative endringane er lagt oppå kvarandre for å gjere utviklingstrekka samanliknbare. Prosentane kan ikkje summerast: veks- ten er ikkje kumulativ, og må ikkje lesast som 9-10 % årleg vekst i bustadkonsumet. Den samla endringa er vist med den raude linja, og er den same som den samla endringa i bustadmasse. Denne veksten ligg på rundt 1,6 % per år.

Kommentar
Forskyvningane i konsumet (som kommentert under figur 4) er vist i figur 5. Auken i bustadkonsum frå år til år vil vere nokså konstant for aldersgruppa 40-59 år, og temmeleg konstant for aldersgruppa 0-14 år. Auken i konsum vil over tid gå ned blant 25-39-åringar, og først gå ned så auke att for 15-24-åringar og 60-74-åringar. Det vil dei neste åra vere bratt vekst i bustadkonsumet til dei over 75, deretter vil vekstraten gå ned att etter 2021, men framleis vere høg.

8
Framskrivinga for konsum etter bustadtype føreset det same som for figur 2: at samansettinga av bustadmassen er halde konstant.

Kommentar
Framskrivinga er nyttig for å vise kven som er venta å bu i dei ulike bustadtypane om vi stoppar utviklinga i korleis bustadtypane er fordelt og kven som bur i dei. Vi ser at vaksne med utflytta born (aldersgruppa 60-74) og seniorar (75- 99 år) er venta å sitte på ein vesentleg del av einebustadmassen om bustadtypepreferansane kan bli halde som i dag. Det kan vere mykje areal å spare på å flytte desse over i mindre bustader og a) frigjere einebustadene for større fam i- liar som på sin side kan frigjere leilegheiter, samt b) redusere behovet for å byggje nye einebustader for yngre familiar.

Utvalde data på kommunenivå

Tabell 1 viser venta fordeling av bustader etter hushaldtypar og bustadtyper i kommunane og regionane i Hordaland i 2012 og 2030.

Dei to første kolonnane (under «Tal hushald») viser at det i 2030 er behov for 67 000 fleire bustader i Hordaland enn i 2012. 56 % av desse vil det vere behov for i Bergen. Om vi reknar den «sentrale» Bergensregionen som Bergen, Os, Osterøy, Meland, Radøy, Lindås, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, vil det vere behov for at 87 % av dei nye bustadene i Hordaland (58 200) kjem i Bergen og dei bynære kommunane. Dette svarer til 3 200 bustader per år.

Dei neste fire sett med kolonnar viser fordeling og venta fordeling etter hushaldtypar. Det er størst behov for bustader for einslege (27 800 fleire innan 2030). Dei siste fire sett med kolonnar viser korleis butadmengda vil vere fordelt om vi opprettheld den bustadsamansettinga vi har i dag. Dette er ingen realistisk prognose, men viser kva som kan skje om hordalendingane i framtida får busette seg som i dag. I så fall vil det vere behov for 33 500 fleire einebustader enn i dag (+ 33 %). Det svarer til 1 900 nye einebustader kvart år framover.

Vi går ikkje i detaljar på kommunenivå om denne tabellen, men vi vonar at kommunane kan gjere seg nytte av talm a- terialet.

Kommentar
1 900 nye einebustader kvart år framover går ikkje. Hordalendingane må venne seg til å bu tettare i framtida om vi får ein så høg folkevekst som våre prognosar seier. Det skal òg godt gjerast om vi får så høg bustadbygging som progno- sane for folketalet krev. For Hordaland må vi tilbake til 2007 for å finne byggetal som var på høgde med det nivået vi treng i framtida, og for Bergensregionen må vi tilbake til 2005: I 2005 vart det sett i gang bygging av 3 166 bustader i den sentrale Bergensregionen, og i 2007 vart det sett i gang 4 159 bustader i heile Hordaland. I snitt vart det for dei fem siste åra vi har data for sett i gang 2 160 bustader i Bergensregionen og 2 830 bustader i Hordaland totalt per år frå 2008 til 2012 (kjelde: SSB via statistikk.ivest.no).

Sjølv om det er få år der Bergensregionen (og dermed Hordaland) har vore nær nivået vi treng i framtidig utbygging, har fleire regionar hatt lange periodar med utbygging på eller over snittet som trengs i framtida: Sunnhordland, Har- danger, Voss og Nordhordland har alle vore godt over i gjennomsnitt av alle år vi har data for (2000 til 2012). Vest har i snitt hatt ei utbygging lik framtidig behov frå 2004 til 2009 og Bjørnefjorden frå 2008 til 2012. Osterfjorden og Bergen har dårlegare statistikk her, der Osterfjorden berre hadde to år (2006 og 2007) og Bergen berre eitt år (2010) med utbygging likt behovet.

Historisk har det største hinderet for at vi skal få den utbygginga vi treng altså vore Bergen. Resten av fylket har for det meste vist seg i stand til å levere den bustadmengde som trengs i framtida.

9

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande
opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur.

Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida
i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.