AUD-rapport nr 1-2014 – Fylkesprognosar Hordaland: Befolkning

 

2

Samandrag

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin hovudprognose for befolkningsutviklinga fram mot 2030. Progno- sen er basert på fødselsoverskot (berekna etter siste fødsels- og dødsratar) og eigne prognosar for nettoflytting til kvar kommune.

I 2012 vart det fødd 6 317 personar i Hordaland, mens 3 871 døde. Dette gjev eit fødselsoverskot på 2 446. I følgje prog- nosen vil fødselsoverskotet stige til 4 098 i 2030. Talet fødde er venta å auke kvart år framover, mens talet døde er venta å halde seg nokså stabilt fram til 2020, for deretter å auke litt.

Historiske flyttetal viser at nettoflyttinga til Hordaland auka frå 2004 til 2012, med 2012 som eit foreløpig toppår. Innvand- ring utgjer dei siste åra den største delen av nettoflyttinga til fylket, og det er personar i alderen 20 til 35 som flyttar mest. Prognosen viser at vi kan vente ei stadig aukande innflytting til Hordaland, men det er berekna litt lågare nettoflytting i 2013 enn i 2012. I 2012 var nettoflyttinga 5 134 personar, i 2013 er den estimert til 4 547 personar, i 2014 er nettoflyttinga fram-
skrive til 4 746 personar, og i 2030 er den framskrive til 5 631 personar.

Totalt er folketalet i Hordaland venta å vekse med 151 000 innbyggjarar (30 %) frå 31.12.2013 til 31.12.2030. Hordaland passerte 500 000 innbyggjarar våren 2013, og er venta å passere 600 000 innbyggjarar tidleg i 2025. I 2020 er Hordaland venta å ha 563 000 innbyggjarar, og i 2030 er vi venta å ha 657 000 innbyggjarar. Den samla folkeveksten vil i følgje prog- nosen gradvis auke til 1,59 % i 2021-2022, for deretter å bli litt redusert. I absolutte tal ventar vi ein stadig aukande folke- vekst frå år til år, men differansen frå eit år til det neste vil gradvis bli litt mindre, og målt i prosent av folketalet vil veksten gå litt ned etter eit toppunkt i 2023. Om vi ser på aldersfordelinga i befolkninga vil dei eldste gruppene vekse meir enn dei yngste, og dei over 70 vil bli relativt sett fleire enn i dag, mens dei mellom 10 og 24 vil bli relativt sett færre.

Rapporten presenterer mest tal og figurar for heile fylket, men bakarst i rapporten er ein tabell med nokre nøkkeltal for kommunane og regionane i fylket. Nøkkeltala er folkemengda i 2020 og 2030, talet innbyggjarar i aldersgrupper som er store forbrukarar av kommunale tenester (1-5-åringar, 6-15-åringar og eldre over 75), gjennomsnittleg vekst per år, og gjennomsnittsalder. Det er venta folkevekst i 28 av fylkets 33 kommunar. Samla reduksjon målt mot folketalet per 31.12.2012 i dei fem kommunane med nedgang er venta å vere 421 innbyggjarar.

Rapporten byggjer på Hordaland fylkeskommune sitt hovudalternativ for befolkningsframskrivinga for 2014-2030. Sam- stundes med publisering av denne rapporten blir tal frå alle fire alternativa tilgjengeleg for nedlasting på Hordaland fylkes- kommune sin statistikkportal statistikk.ivest.no under menyvalet Fylkesprognoser.no -> Fylkesprognoser.no 2014. Alterna- tiva som er produsert i tillegg til hovudalternativet er eit alternativ med ekstra høg nettotilflytting, eit med redusert nettotil- flytting, og eit teoretisk scenario der nettoinnvandringa er sett til null. Alternativet med null nettoinnvandring gir oss mog- legheit til å rekne ut «innvandringsbidraget» til folkeveksten. I 2030 vil dette ha akkumulert seg opp til 110 000 innbyggja- rar.

Om fylkesprognoser.no

Fylkesprognoser.no er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunane som deltek i Pandagruppen. Denne gruppa eig Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), som teknisk vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Fylka står sjølv ansvarleg for sin eigen bruk av PANDA og utarbeiding av dei fylkesvise rapportane i fylkes- prognoser.no. SINTEF har ikkje ansvar for dei val og konklusjonar fylka gjer i sin bruk av PANDA og publikasjon av fylkes- prognoser.no. Eventuelle feil eller feilvurderingar i rapportane er fylka sine.

Dei fleste fylkeskommunane har valt å publisere tre rapportar: ein for befolkning, ein for bustadbehov, og ein for arbeidsliv. Hordaland fylkeskommune er blant desse, men har i tillegg ein flytteprognose som ligg til grunn for befolkningsprognosen. Befolkningsprognosen ligg så til grunn for bustad- og arbeidslivsprognosane, og den viktigaste føresetnaden for at framti- dig bustadbehov og arbeidsmarknad blir som venta, er at vi får den folkeveksten som er venta i befolkningsprognosen. Meir spesifikke føresetnader for denne rapporten kan ein lese om på side 5.

Dei fire rapportane i fylkesprognoser.no for Hordaland er utarbeidt av Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Regionalav- delinga i Hordaland fylkeskommune. Dei tre første rapportane (AUD-rapport nr 1, 2 og 3 – 2014) presenterer i all hovudsak data og prognosar på fylkesnivå. AUD-rapport nr 4 – 2014 inneheld flytteprognosane for kvar kommune og presentasjon av hovudresultata (befolkningstotalen) frå alle alternative prognosekjøringar for alle kommunane og regionane i fylket. I prog- nosekjøringane er det berekna fleire tal på kommunenivå enn det som er publisert i desse rapportane, og meir detaljerte data og prognosar på kommunenivå kan lastast ned frå statistikk.ivest.no. Om ein har spørsmål knytt til fylkesprognoser.no eller ønskjer tilgang til andre data (for Hordaland) kan ein ta kontakt med Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon. Kontaktinfo på side 2.

Bergen, 30.1.2014

Definisjonar

Fødselsfrekvens: Gjennomsnittleg tal levandefødde barn pr. kvinne etter alder i ein utvald region.
Fødselsoverskot: Talet fødde minus talet døde i same periode utgjer fødselsoverskotet
Dødssannsyn: Sannsyn for dødsfall for det einskilde kjønn i den einskilde aldersklassa. Dødssannsyn vert berekna på kvart alderstrinn for menn og kvinner kvar for seg, og nyttast mellom anna til å berekne forventa levealder.
Nettoflytting: Blir definert som innflytting til en region (samling av fylker, kommunar osb.) minus utflyttinga i same periode. Til samanlikning vert bruttoflytting definert som summen av innflytting og utflytting.
PANDA: Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), er eigd av fylkeskommunane og vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn.

Kort om føresetnader og metode for befolkningsprognosen

Prognosar og framskriving av folketalsutvikling er basert på historisk utvikling, og dette kan – og vil – avvike frå den ut- viklinga som faktisk vil skje. Ein må vere medviten om at prognosane ikkje er fasit på framtidig utvikling, og at dei er for- bunde med feilkjelder. I langsiktig planlegging må ein derfor bruke prognosar med varsemd. Planar må vere robuste og fleksible nok til at dei kan handtere ulike framtidsscenario, både at veksten blir høgare og lågare enn prognosane tilseier. I fylkesprognoser.no har vi lagt oss på eit framtidsscenario som føreset høg innvandring over lengre tid enn SSB legg til grunn i sine framskrivingar.

For dei spesielt interesserte:
Folketalsutviklinga i Fylkesprognoser.no blir bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflytting (innflytting minus utflytting). Over lengre tidshorisontar spelar fødselsfrekvensar og dødssannsyn ei stor rolle ved berekning av befolk- ningsprognosar. Ved korte tidshorisontar er det derimot flyttinga som er det viktige for å bestemme befolkningsutviklinga i ein region, men flyttinga legg òg mykje av grunnlaget for framtidig fødselsoverskot. Ved berekning av befolkningsprogno- sen til fylkesprognoser.no blir det nytta ein modellvariant kor ein tek omsyn til flytting.

Ved etablering av modellparameter og datagrunnlag til bruk i modellkjøringane blir det nytta data for siste statistikkår frå SSB. Estimeringsperiode for nivåfaktorar for fødde, døde og tilpassing til arbeidsmarknaden blir basert på eit gjennomsnitt av dei fire siste åra.

I modellen blir det nytta dødssannsyn som er forskjellige mellom kjønna og varierer med alderen. Vi får i tillegg eit ”påfyll” av nye born. Dette skjer ved at kvinner i ulike aldrar får born med ein viss frekvens. Fødselsfrekvensane gjeld berre for kvinner og varierer med alderen. Ved kjøring av befolkningsmodellen blir det nytta faste regionfrekvensar frå SSB til juste- ring av fødselsfrekvensar og dødssanssyn. Dødssanssyna blir derimot «glatta» med ei regionavstemming slik at ein får eit sett med dødssannsyn som er lik for alle kommunane innanfor ein region.

Regionen får vidare eit ”påfyll” av personar gjennom nettoflytting. I fylkesprognoser.no for Hordaland blir nettoflyttinga gjennom prognoseperioden berekna ut frå framskriving av den historisk loglineære utviklinga i nettoflytting frå 2000 til 2013 (med unntak for nokre kommunar), samt—for kommunar der dette har hatt signifikant effekt på historisk flyttinga—framtidig arbeidsløyse og/eller bustadbygging som er lik gjennomsnittet av dei siste sju åra. Flyttedata for 2013 er estimert basert på observerte data for tredje kvartal 2013 og gjennomsnittleg differanse mellom tredje og fjerde kvartal siste fem år. Nettof- lytting i åra 2014 til 2030 følgjer dermed ei framskrive regresjonslinje som funksjon av tid (målt loglineært) på nettoflytting i perioden 2000 til 2013. Modellen fordeler nettoflytting automatisk på alder og kjønn ved hjelp av ein glattefunksjon (Ro- gers-Castro).

I tillegg til nettoflyttinga i dette hovudalternativet har Hordaland fylkeskommune produsert tre andre flyttealternativ: Høgalternativet er basert på eit scenario der det for kvar kommune enten ligg ein bratt flyttetrend til grunn, eller—der dette har hatt signifikant effekt på flyttinga tidlegare—får vedvarande låg arbeidsløyse og/eller stor bustadbygging. Unntak frå dette er skildra i AUD-rapport nr 4-14. Lågalternativet er basert på eit motsett scenario av høgalternativet. Det siste alterna- tivet er eit reint teoretisk scenario, der nettoinnvandringa stoppar heilt opp og det berre er flyttetilvekst frå innanlandsk flyt- ting. Dei andre føresetnadene i dette nullinnvandringsalternativet er likt med hovudalternativet.

Historisk flytting

3

Figur 1 viser at nettoflyttinga har auka frå 1 034 i 2004 til 5 134 i 2012. For 2013 har vi estimert nettoflyttinga til 4 547 per- sonar. 2013-estimatet er gjort på bakgrunn av flyttetal per 3. kvartal 2013 og gjennomsnittleg auke i fjerde kvartal siste fem åra. Desse dataa ligg til grunn for prognosekjøringane.

Kommentar
Det er i all hovudsak innvandringa til Hordaland som står for auken i nettoflyttinga desse åra. I 2011 var den innanlandske flyttinga til Hordaland negativ, og innvandring utgjer dermed heile nettoflyttinga. Sidan 2000 har det vore størst nettoflytting til Hordaland frå andre delar av Vestlandet, og sidan 2004 har nettoflyttinga til både Oslo-Akershus og Sør-Austlandet vore negativ for Hordaland. Det er ikkje nytta data om kvar folk flyttar til eller frå i prognosekjøringane, så desse dataa er ikkje vist i denne rapporten. Historiske flyttedata for kommunane og regionane i Hordaland kan ein finne på statistikk.ivest.no under menyvalet Befolkning -> Folkevekst og flytting.

4

Figur 2 viser flytting etter alder summert for to periodar: 2001-2006 og 2007-2012. Det er personar i alderen 20 til 35 som flyttar mest. Det er svært få over 50 år som flyttar både inn og ut av Hordaland. Dette gjeld for begge periodar. I 2001 til 2006 var det flest 25-åringar som flytta til Hordaland og i 2007 til 2012 var det flest 26-åringar som flytta til fylket. Nettotil- flyttinga er størst blant 23-åringar.

Kommentar
Flytting etter år, alder (og kjønn) på kommune-, region- fylkesnivå blir ikkje publisert i SSB sin statistikkbank. Vi har tilgang på desse dataa via PANDA, men flyttematriser gir potensielt enormt store tabellar om dei òg skal innehalde alder og kjønn, og det er òg potensielt mogleg å identifisere flyttinga til (nokre) enkeltindivid i slike tabellar, så dei er ikkje publisert som opne data. Figur 2 er derfor eit unikt PANDA-produkt. Det er mogleg for oss å produsere figur 2 med kommunale eller regi- onale data. Kommunar eller regionråd som har behov for dette kan kontakte AUD.

Dataa vi har tilgang til er anonymiserte (og aggregerte når det er fleire enn ein av same alder og kjønn som flyttar mellom to kommunar), så vi kan ikkje følgje enkeltindivid si flytting. Kommentarar om endring i flyttemønster må sjåast i lys av det- te.

Fordi barn ikkje flyttar aleine (med unntak av flytting mellom føresette), er barneflyttinga eit uttrykk for flyttinga til barnefami- liar. Denne flyttinga har endra seg lite mellom dei to periodane. Dette tyder på at endringa i innflytting for 20- til 50-åringar og i utflytting for 20- til 30-åringar, er ei endring i flytting av barnlause. Dette kan henge saman med auka arbeidsmobilitet/- innvandring.

5

Figur 3 viser inn-, ut- og nettoflytting i Hordaland. Historiske tal frå 2000 til 2012, estimerte tal for 2013, og prognose for 2014 til 2030.

I 2012 flytta 15 987 personar til Hordaland, mens 10 853 flytta ut av fylket. Dette gjev eit flytteoverskot på 5 134. I 2013 er nettoflyttinga estimert til 4 547 personar og i 2014 er nettoflyttinga framskrive til 4 746 personar. I følgje prognosen vil det i 2030 vere 18 930 personar som flyttar til fylket, mens 13 305 vil flytte ut. Dette gjev eit flytteoverskot på 5 625.

Metodekommentar
Nettoflyttinga i 2013 er estimert basert på registerdata per tredje kvartal 2013 og gjennomsnittleg differanse mellom tredje og fjerde kvartal siste fem år. Nettoflyttinga gjennom resten av prognoseperioden er berekna ut frå framskriving av den historisk loglineære utviklinga i nettoflytting frå 2000 til 2013—med nokre unntak—samt frå data om arbeidsløyse og bu- stadbygging for dei kommunane der dette er signifikant. Nettoflytting i åra 2014 til 2030 følgjer dermed ei framskrive reg- resjonslinje som funksjon av tid (målt loglineært), arbeidsløyse og bustadbygging på nettoflytting i perioden 2000 til 2013.

På bakgrunn av dette ventar vi ei stadig aukande nettoflytting til Hordaland. Med ei loglineær trendline til grunn, vil vi vente litt lågare nettotilflytting dei komande åra enn i 2012, men denne vil auke vidare framover, der vi ventar at endringa frå år til år vil bli gradvis mindre. Dermed ventar vi heller ikkje at den framtidige nettoinnvandringa skil seg frå det historiske møns- teret ved å brått bli vesentleg høgare.

Kommentar
Denne prognosen skil seg frå SSB sin siste prognose (juni 2012) ved at vi ikkje ventar oss nokon retur til dei innvandrings- nivå som var før 2007. Vår framskriving er dermed eit bilete av kva situasjon vi kan vente oss om vi fortsett å ha vedvaran- de høg nettoinnvandring til Noreg. Dette er gjort fordi fylkeskommunen av planomsyn ønskjer å vere førebudd på korleis Hordaland utviklar seg om innvandringa stabiliserer seg (litt over) det nivået vi har i dag.

På denne måten har vi produsert eit alternativ til SSB sin prognose. Sjå www.ssb.no/folkfram for denne.

Vi legg til grunn at Hordaland fekk sin foreløpig høgste nettotilflytting i 2012, og denne vil ikkje bli slått før i 2020. Den fore- løpig høgste innflyttinga til Hordaland hadde vi òg i 2012. Denne ventar vi derimot vil bli slått i 2016. Prognosemodellen til Panda reknar med at vi òg får høgare utflytting. Derfor vil det ta nokre år frå ny tilflyttingsrekord blir sett til ny nettotilflyt- tingsrekord blir sett.

I realiteten vil vi få større svingingar frå år til år. Prognosen er å sjå som eit glidande gjennomsnitt over fleire år. Det vil derfor kome svingingar rundt prognosen, og kva år vi faktisk kjem til å sjå nye rekordar, kan vi ikkje seie.

Prognose for fødde og døde

6

Der er mindre usikkerheit om fødsels- og dødsratar enn om innvandring, spesielt på kort sikt. I 2012 vart det fødd 6 317 personar i Hordaland, mens 3 871 døde. Dette gjev eit fødselsoverskot på 2 446. I følgje prognosen vil fødselsoverskotet stige til 4 100 i 2030. Talet fødde er venta å auke kvart år framover, mens talet døde er venta å halde seg nokså stabilt fram til 2020. Fødselsoverskotet er dermed venta å flate ut mot slutten av framskrivingsperioden.

7

Fordelt på aldersgrupper, er den største nominelle veksten frå 2012 til 2030 venta å kome blant 25-39-åringar (+ 37 700), deretter følgjer 40-59-åringar (33 000) og 0-14-åringar (29 400). Minst vekst er venta å kome blant 15-24-åringar (10 400). 15-24-åringar er òg den gruppa der det er venta minst relativ vekst (berre 15 %). Størst relativ vekst er venta å kome blant 60-74-åringar (37 %) og dei over 75 år (68 %).

Totalt er Hordaland venta å vekse med 151 000 innbyggjarar (30 %) frå 31.12.2013 til 31.12.2030. Hordaland kunne våren 2013 markere innbyggjar nummer 500 000, og tidleg i 2025 kan fylkesordføraren på ny troppe opp på barneklinikken for å markere innbyggjar nummer 600 000. I 2020 er Hordaland venta å ha 563 000 innbyggjarar, og i 2030 er vi venta å ha 657 000 innbyggjarar. Samanlikna med SSB sine framskrivingar for Hordaland samla, ligg vår prognose for 2020 nøyaktig midt mellom SSB sine middel- og høgalternativ. For 2030 ligg vår prognose litt under SSB sitt høgalternativ. Vårt lågalter- nativ (sjå AUD-rapport nr 4-14) ligg på lag med SSB sitt middelalternativ.

Kommentar
Ei viktig føresetnad for at desse prognosane skal bli oppfylt, er at det er bustad til alle som vil bu her, og arbeid til alle som ønskjer det. Folkeveksten vil ikkje kome av seg sjølv. Om det er arbeidsplassar, men ikkje bustader, kan ein sjå prognosen som ein indikator på kva som ligg latent mogleg å få til av folkevekst, og kva press som vil vere både på bustadmarknaden og på arbeidsmarknaden. Om det er bustader, men ikkje arbeidsplassar, kan ein sjå prognosen motsett: som ein indikator på overkapasitet og risiko for fallande bustadprisar og lønningar, men òg som ein indikator på kva som vil bli mogleg å få til av sysselsettingsvekst. Om det korkje er bustader eller arbeidsplassar, vil mykje av grunnen for å flytte hit (og for å bli ve- rande) bli borte, og vi vil heller ikkje få den folkeveksten som vi ventar oss i fylkesprognoser.no

8

Folkevekst består av to nettokomponentar: nettoflytting og fødselsoverskot. Figur 6 viser dette og den samla folkeveksten i prosent. Vi ventar oss at den samla folkeveksten vil gradvis auke til 1,59 % i 2021 og 2022, for deretter å bli litt redusert. Den høgste folkeveksten i eit enkeltår hadde Hordaland i 2009, med 1,6 %.

Kommentar
I 2009 og i 2012 utgjorde nettoflyttinga 1 % av folketalet. Mellom 2014 og 2018 vil nettoflyttinga utgjere 0,94 % av folketalet per år, deretter vil delen gå gradvis ned til 0,87 % i 2030. Fødselsoverskotet var på sitt høgste nivå i 2009, med 0,58 % av folketalet, og vil vekse fram til mellom 2022 og 2025 der det vil utgjere 0,67 % av folketalet per år.

I reelle tal ventar vi ein stadig aukande folkevekst frå år til år, men differansen frå eit år til det neste vil gradvis bli litt mind- re, og målt i prosent av folketalet, vil veksten gå litt ned etter eit toppunkt i 2022. I røynda kan framtidig folkevekst i enkeltår både vere høgare og lågare enn det prognosen ventar seg, men prognoselinja kan sjåast som eit glidande gjennomsnitt.

Rundt eitt prosentpoeng av folkeveksten vår skuldast innvandring. Vi har i figur 7 gjort lagt inn eit scenario der nettoinn- vandringa er sett til null framover (inkludert 2013). Dermed kan vi rekne ut «innvandringsbidraget» til folkeveksten, både for kvart år, og i sum. Differansen mellom eit Hordaland med eller utan innvandring vil i 2030 vere på heile 110 500 innbyggja- rar. Av dette vil 56 700 vere menn, 53 800 kvinner, 15 400 åleinebuande, 12 900 par med barn, 2 700 eineforsørgjarar
med barn, 28 000 barn, 13 300 15-24-åringar, 41 600 25-39-åringar, 26 900 40-74-åringar, og 643 eldre.

Folkevekst etter alder og kjønn

9

Fordelt på femårsgrupper er det i dag gruppa 40-44 som er den største i Hordaland (17 254 kvinner og 18 233 menn). I 2030 er det gruppa 30-34 som er venta å bli den største (22 972 kvinner og 24 797 menn).

Kommentar
Til tross for at den største gruppa vil vere yngre i 2030 enn i dag, vil gjennomsnittsalderen bli høgare (38,5 i 2011 og 39,7 i 2030; sjå tabell 1 under). Dette er fordi dei eldste gruppene veks meir enn dei yngste, og dei over 70 vil bli relativt sett fleire enn i dag, mens dei mellom 10 og 24 vil bli relativt sett færre. Dette ser vi i pyramiden (figur 8) ved at det som i dag tilnær- ma er ein «boks» opp til 49 år, i 2030 får langt fleire kurvar. Pyramiden «eser» òg ut på toppen.

Innsnevringa i botn ser òg (litt) urovekkjande ut. Ein «samansnurpa» form er typisk eit teikn på låge fødselsratar i land i den vestlege verden (sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Population_pyramid), og er med på å gi høgare snittalder, men i Hor- daland vil den i hovudsak skuldast den venta høge (arbeids)innvandringa av arbeidstakarar under 45. Samansnurpinga er heller ikkje heilt i botn, men heller blant dei som vil bli fødd dei neste par-tre åra. Deretter blir «basen» utvida igjen, og vi får påfyll til befolkninga frå nyfødde – ikkje «berre» av innvandrarar.

10

Fordelinga av folkeveksten mellom aldersgruppene år-for-år er vist i figur 9. Her er befolkninga inndelt i seks aldersgrup- per. Diagrammet er stabla slik at summen av veksten blir 100 %.

Kommentar
Aldersgruppa med mest stabil vekst framover er gruppa 40-59 år, og gruppa 0-14 er venta å ha langt meir stabil vekst framover enn den har hatt tilbake i tid. Veksten for gruppa 60-74 år har vært størst på slutten av 2000-talet, og vil om nokre år bli erstatta av vekst i gruppa 75+, som vil begynne å ta større del av veksten etter 2016. Gruppa 15-24 år er venta å få svak vekst dei næraste åra, men dette må sjåast i samanheng med svak vekst i gruppa 0-14 år siste tiår.

Utvalde data på kommunenivå

Fylkesprognoser.no er først og fremst prognosar på fylkesnivå, og usikkerheita blir større når vi bryt tala ned på kommune- og regionnivå, men vi har òg kommunale og regionale tal, og nokre av desse er vist i tabell 1.

Til venstre i tabellen er fire kolonnar for folketal: folketalet per 31.12.2012, per 31.12.2020, per 31.12.2030, og gjennom- snittleg endring (Δ) per år frå 2012 til 2030. Deretter er det tre sett med kolonnar for tre aldersgrupper som er storforbruka- rar av kommunale tenester: 1-5 år, 6-15 år, og dei over 75 år. For kvar av desse gruppene er det òg vist gjennomsnittleg endring per år frå 2012 til 2030. Lengst til høgre i tabellen er gjennomsnittsalder i 2012, 2020 og 2030. Vi har ikkje teken høgde for typisk fordeling av fødselstidspunkt i året ved utrekning av snittalder, men rekna 0-åringar i snitt som 0,5-åringar, 1-åringar i snitt som 1,5-åringar, osv.

Størst vekst er venta å kome i Meland (i snitt 2,8 % per år), Os og Øygarden (2,5 %), Sund (2,3 %), og Askøy og Osterøy (2,2 %). 2,8 % per år over mange år vil vere ekstremt høgt. Folketalet på Meland vil i så fall auke med 66 % frå 2012 til 2030, og stå for nesten halvparten av den venta veksten i Nordhordland.

Nytt i årets prognose er at vi skrur kraftig opp folkeveksten på Osterøy. Med nedbetalt bru i 2014 tek vi utgangspunkt i ei kortare (og brattare) flyttehistorikk enn vi gjorde i fjor, og får da ei framskriving som ligg på nivå med venta folkevekst i Vest (2,2 % per år). I 2030 er Osterøy da venta å ha 47 % fleire innbyggjarar enn i 2012.

Vi ventar folketalsreduksjon i fem kommunar. Størst nedgang er venta i Granvin (i snitt -1,2 % per år) og Fedje (-1,0 %). Til tross for nedgang, er årets modell langt «snillare» mot nedgangskommunane enn i fjor, sjølv om vi har snudd vekst til ned- gang for to kommunar (Eidfjord og Ulvik). Motsett har vi snudd nedgang til vekst for tre kommunar (Tysnes, Ullensvang og Fusa), og redusert nedgangen for Granvin og Fedje.

I sum er Hordaland venta å vekse med 1,5 % per år frå 2012 til 2030. Dette er likt med fjorårets utgåve av fylkesprogno- ser.no.

Dei tre aldersgruppene i tabellen er teken med for å gi kommunane informasjon om den venta utviklinga i tre store grupper av forbrukarar av kommunale tenester. Dei to yngste aldersgruppene i tabellen (1-5-åringar og 6-15-åringar) er venta å vekse om lag i same tempo som den generelle befolkninga, men med noko variasjon mellom kommunane. Størst vekst i 1- 5-åringar er venta på Osterøy – noko som er i tråd med venta auka tilflytting, mens størst vekst i 6-15-åringar er venta i Meland.

Den venta eldrebølgja vil slå hardast ut for dei kommunane med relativt få eldre i dag. Hardanger, Voss og Osterfjorden vil
«berre» få ein vekst i talet eldre som ligg på nivå med den generelle folkeveksten i fylket, mens dei «yngre» regionane vil få langt kraftigare auke. Kommunen med yngst befolkning i dag (Fjell – med ein snittalder på 35,7 år), vil få den største veksten i innbyggjarar over 75 år (i snitt 5,7 % per år, eller 172 % over heile perioden), og gjennomsnittsalderen vil gå frå å vere den lågaste i fylket til å vere den sjette lågaste.

Fedje har i dag den eldste befolkninga i Hordaland (44,6 år), men vil i 2030 ha ei befolkning som i snitt er nesten eitt år yngre enn innbyggjarane i Granvin. Fedje er den kommunen som vil ha lågast vekst i talet eldre. Størst vekst i gjennom- snittsalder vil kome i Modalen (5,5 år), Granvin (4,3 år) og Kvinnherad (3,6 år). Gjennomsnittsalderen i Hordaland er venta å auke frå 38,5 år per 31.12.2012 til 39,7 år i 2030. Auken vil i snitt vere på 24 dagar per år.

11

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.