DU ER HER: Forside > Hordaland

Hordaland

Hordaland: Befolkning 2012-2030


Hordaland | 2013 | Befolkning

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin prognose for befolkningsutviklinga fram mot 2030. Prognosen er basert på fødselsoverskot og nettoflytting.

I 2011 vart det fødd 6 278 personar i Hordaland, mens 3 875 døde. Dette gjev eit fødselsoverskot på 2 403. I følgje prognosen, vil fødselsoverskotet stige til 4 172 i 2030. Talet fødde er venta å auke kvart år framover, mens talet døde er venta å halde seg nokså stabilt fram til 2020.

Historiske flyttetal viser at nettoflyttinga til Hordaland auka frå 2004 til 2011. Innvandring utgjer dei siste åra den største delen av nettoflyttinga til fylket, og det er personar i alderen 20 til 35 som flyttar mest. Prognosen viser at vi kan vente ei stadig aukande innflytting til Hordaland, men det er forventa litt lågare nettoflytting i 2013 enn i 2012 og vi venter vidare at endringane frå år til år vil bli gradvis mindre. I 2011 var nettoflyttinga 3 933 personar, i 2012 er den estimert til 5 008 personar, i 2013 er nettoflyttinga framskrive til 4 372 personar, og i 2030 er den framskrive til 5 742 personar.

Totalt er folketalet i Hordaland venta å vekse med 166 000 innbyggjarar (34 %) frå 31.12.2011 til 31.12.2030. Hordaland er venta å passere 500 000 innbyggjarar tidleg i 2013, og 600 000 innbyggjarar tidleg i 2025. I 2020 er Hordaland venta å ha 562 000 innbyggjarar, og i 2030 er vi venta å ha 656 000 innbyggjarar. Den samla folkeveksten vil i følgje prognosen gradvis auke til 1,59 % i 2021-2025, for deretter å bli litt redusert. I absolutte tal ventar vi ein stadig aukande folkevekst frå år til år, men differansen frå eit år til det neste vil gradvis bli litt mindre, og målt i prosent av folketalet, vil veksten gå litt ned etter eit toppunkt i 2023. Om vi ser på aldersfordelinga i befolkninga vil dei eldste gruppene vekse meir enn dei yngste, og dei over 70 vil bli relativt sett fleire enn i dag, mens dei mellom 10 og 24 vil bli relativt sett færre.

Les mer