DU ER HER: Forside > Hordaland

Hordaland

AUD-rapport nr 1-2014 – Fylkesprognosar Hordaland: Befolkning


Hordaland | 2014 | Befolkning

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin hovudprognose for befolkningsutviklinga fram mot 2030.

Totalt er folketalet i Hordaland venta å vekse med 151 000 innbyggjarar (30 %) frå 31.12.2013 til 31.12.2030. I 2030 er det venta 657 000 innbyggjarar i Hordaland.

Rapporten presenterer mest tal og figurar for heile fylket, men bakarst i rapporten er ein tabell med nokre nøkkeltal for kommunane og regionane i fylket.

Rapporten byggjer på Hordaland fylkeskommune sitt hovudalternativ for befolkningsframskrivinga for 2014-2030. Nytt av året er at vi òg har produsert høg- og lågalternativ, samt eit scenario der nettoinnvandringa er sett til null. Samstundes med publisering av denne rapporten blir tal frå alle fire alternativa tilgjengeleg for nedlasting på Hordaland fylkeskommune sin statistikkportal statistikk.ivest.no under menyvalet Fylkesprognoser.no -> Fylkesprognoser.no 2014.

Les mer

Hordaland: Arbeidsliv 2012-2030


Hordaland | 2013 | Arbeidsliv

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin prognose for framtidig arbeidsstyrke i Hordaland fram mot 2030, og er basert på fylkeskommunen sin prognose for framtidig folketal som er publisert i rapporten Hordaland: Befolkning i Fylkesprognoser.no. I 2011 var det flest sysselsette innan offentleg forvaltning og anna tenesteyting. Det er også denne gruppa som har auka dei siste åra, med 17 %, frå 82 433 sysselstett i 2003 til 98 831 i 2011.

Arbeidsstyrkeprognosen viser at det fram mot 2030 vil vere ein liten auke i delen ikkje-yrkesaktive versus delen yrkesaktive i Hordaland. I 2002 var 50,6 % av befolkninga ikkje-yrkesaktive og 49,4 var yrkesaktive. I 2030 viser prognosen at 51,4 % vil være ikkje-yrkesaktive og 48,6 % vil vere yrkesaktive.

Les mer

Hordaland: Bustadbehov 2012-2030


Hordaland | 2013 | Ukategorisert

Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin prognose for framtidig bustadbehov i Hordaland fram mot 2030, og er basert på fylkeskommunen sin prognose for framtidig folketal som er publisert i rapporten Hordaland: Befolking i Fylkesprognoser.no.

Samanlikna med 2011, vil det i 2030 vere behov for 71 000 fleire bustader i Hordaland. 29 500 av desse vil vere for einslege, 21 000 for familiar med relativt lite plassbehov (par utan born og einslege foreldre med born), og 20 500 for familiar og hushald med stort plassbehov (par med born, hushald med vaksne born og fleirfamiliehushald).

Over dei 19 åra frå 2011 til 2030 vil det da vere behov for å byggje 3 700 bustader per år. 2 600 av desse bør vere for einslege og små familiar.

Om vi skal oppretthalde den bustadstruktur vi i dag har, er det behov for 34 000 nye einebustader, 17 000 nye småhus og berre 19 000 i bustadblokker eller bufellesskap. Som tala over viser, vil dette vere for mange store og arealkrevjande bustader og for få tettbygde bustader. Det er vår påstand at det er eit behov for vesentleg fortetting om vi skal få plass til den venta folkeveksten.

Mykje av det statistisk berekna bustadbehovet for store bustader skuldast at det i dag er mange eldre som bur åleine i einebustader. Kommunane bør leggje til rette for at desse einebustadene blir tilgjengelege for større hushald. Mange einebustader blir òg gjort om til fritidsbustader – ofte utan å melde bruksendring. Kommunane kan òg her auke utnyttingsgraden av eksisterande einebustader (og tilhøyrande kommunal infrastruktur) ved å leggje til rette for at arvingar bytter inn arva einebustader med fritidsbustader. Vi har ikkje laga prognosar for fritidsbustader.

 

Les mer